Nærings- og handelsministeren til UNWTO sitt ministermøte og global reiselivsmesse i London

Report this content

Nærings- og Handelsminister Trond Giske dreg til London for å gjeste World Travel Market tysdag 8. november. Fyrst skal han delta på ministermøtet til Verdens Turistorganisasjons (UNWTO).

- Eg ser fram til debatten på årets ministermøte, som skal handle om korleis reiselivsnæringa kan utvikle seg i tida framover etter den globale nedturen. Dette er ei problemstilling som også norsk resieliv i høgaste grad forhold seg til, seier Trond Giske.

Som oppfølging av den nasjonale reiselivsstrategien som kom i 2007 avgjorde regjeringa å melde Noreg inn i UNWTO. Noreg har vore medlem av organisasjonen sidan 8.9.2008. UNWTO ministermøtet blir arrangert for femte gong i 2011, og blir arrangert i samarbeid med WTM sitt ministerprogram.

Etter ministermøtet skal nærings- og handelsministeren gjeste World Travel Market. Det er eit fire dagars B2B (business to business) messe der rundt 48 000 reiselivsaktørar, ministrar og internasjonal presse møtest.

- World Travel Market er ein viktig møtestad for den globale reiselivsnæringa. Her kan vi lære noko om trendane og få oppdatering på dei siste utviklingane, seier Trond Giske.

Nærings- og handelsministeren skal gjeste den norske og enkelte andre land sine paviljongar på World Travel Market, som no blir arrangerte for 32. gong. Under WTM 2010 deltok 178 ministrar. Til samanlikning, i mykje mindre skala, har vi i Noreg Norwegian Travel Workshop (NTW) som blir rekna som den viktigaste årlege møteplassen for norsk reiseliv med internasjonale turoperatørar.

Både møtet og utstillinga finn stad på ExCel i Docklands.

Kontakt oss på NHD pressevakt 902 51 303, eller per e-post: NHDinfo@nhd.dep.no

 

 

 

Tags:

Dokumenter og linker