Oppdrettsnæringa må fiske ut rømt laks

Report this content

Fiskeriministeren vil innføre obligatorisk utfisking finansiert av næringa.

- Fisk er det fremste bidraget Noreg har til matproduksjonen i verda. Fisk er også ei viktig eksportvare for landet vårt. Difor er det avgjerande at produksjonen skjer på ein berekraftig forsvarleg måte.  For første gang får vi no på plass ei systematisk utfisking av rømt laks. Det er eit stort steg i rett retning for å minske den genetiske påverknaden rømt oppdrettsfisk kan ha på villaksen, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Regjeringa vil praktisere prinsippet om at forureinar betaler i havbruksnæringa og styrkje arbeidet mot rømming gjennom forpliktande avtalar med næringa. Forskrifta som no blir send på høyring skal sikre at det blir sett i gang tiltak i elver der overvakinga viser at innslaget av rømt oppdrettsfisk er høgt. Ordninga skal finansierast ved at miljøfondet til Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening blir fristil frå organisasjonen og gjort obligatorisk.

- Denne løysinga vil medverke til å ansvarleggjere næringa samtidig som vi får ei ordning som er effektiv å administrere, seier fiskeriministeren. 

Styresmaktene skal stå for overvakinga av rømt oppdrettslaks. Det er opp til fiskeristyresmaktene i samarbeid med miljøstyresmaktene å bestemme kva for elver som skal overvakast frå år til år. Til no har den årlege overvakinga berre dekt eit fåtal elver. Frå 2014 har regjeringa auka løyvinga til denne overvakinga vesentleg. 

Oppdrettarar som merker fisken blir fritekne for medlemsavgift. - Tida er ikkje inne for å innføre obligatorisk merking, men vi har forma ordninga slik at ho skal stimulere næringa til å utvikle og ta i bruk sporing, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Pressekontakt:
Pressevakten i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303, media@nfd.dep.no

Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD her.

Dokumenter og linker