Presseinvitasjon: Ber maritim næring tenkje høgt i Ålesund

Report this content

Næringsminister Monica Mæland ber om innspel til den nye maritime strategien regjeringa skal legge fram. Tysdag 25. november gjestar ho Ålesund.

Arbeidet med regjeringa sin nye maritime strategi er i full gong. Næringsminister Monica Mæland har invitert næringa til å tenkje høgt om korleis vi saman kan styrkje maritim sektor.

Regjeringa held fem høyringsmøter langs kysten. No er Ålesund neste by ut. Hovudtemaet er kompetanse og utdanning samt forsking, utvikling og innovasjon. Representantar frå fleire bedrifter deltek på møtet.

Møtet er ope for pressa.

Les òg: Ber den maritime næringen tenke høyt.

I tillegg skal Mæland delta på Mørekonferansen. Mørekonferansen vil i år sjå nærare på Møre og Romsdal som vertskap for eit næringsliv i global konkurranse. Kva er det som skaper, vidareutviklar eller hemmar vertskapsattraktiviteten til ein region?

PROGRAM

Mørekonferansen
Når: Tysdag 25. november, kl.10.00. Mæland er tilgjengeleg for media i etterkant av innlegget.
Stad: Rica Parken hotell, Storgata 16, Ålesund. 

Høyringsmøte om ny maritim strategi
Når: Tysdag 25. november, kl.12.00-14.00.
Heile møtet eit ope for presse. Mæland er tilgjengeleg for kommentarar i etterkant.
Stad: Rica Parken hotell, Storgata 16, Ålesund.

Pressekontakt:
Kommunikasjonsrådgiver Ragnhild H. Simenstad, mobil 917 17 459, e-post
 rsi@nfd.dep.no
eller pressevakten: 902 51 303 (ikke SMS), e-post media@nfd.dep.no

Abonner på pressemeldinger og presseinvitasjoner fra NFD her.

Tags:

Dokumenter og linker