Presseinvitasjon: Fiskeriminister Aspaker møter sin islandske kollega i Bergen 18. mai

Report this content

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker møter sin islandske kollega Sigurður Ingi Jóhannsson i Bergen 18. mai. 

Den islandske fiskeriministeren ønskjer å hauste kunnskap om havbruk. Dei to ministrane dreg mellom anna til Øygarden visingssenter for fiskeoppdrett og Vik Settefisk As. I tillegg skal dei to statsrådane ha politiske samtalar.

Utdrag frå programmet:

Måndag 18. mai

Kl. 10:00: Besøk i Kystmuseet Øygarden og visingsanlegget for fiskeoppdrett

Kl. 13:00: Besøk hos Vik Settefisk As

Kl. 16.30: Politiske samtalar.

Pressekontakt:
Kommunikasjonsrådgjevar Halvard Wensel, mobil 971 80 784, e-post hw@nfd.dep.no

eller pressevakten: 902 51 303 (ikkje SMS), e-post
media@nfd.dep.no

Abonner på pressemeldinger og presseinvitasjoner fra NFD her.