Presseinvitasjon: Første internasjonalt toppmøte om ulovleg fiske i Oslo
Noreg er vertskap når fiskeriministrar frå heile verden møtes i Oslo for å diskutere korleis dei skal førebygge og hindre ulovleg fiske.
Ulovlig fiske er ein omfattande, grenseoverskridande utfordring. FN organisasjonen FAO har estimert verdien av ulovleg fangst til å utgjere over 190 milliardar norske kronar årleg, eller om lag 15 prosent av verdens fiskefangster.
Norge har deltatt aktivt i arbeidet med å få på plass ein bindande internasjonal avtale i kampen mot ulovleg fiske. Måndag 29. mai samlas partane for første gong i Oslo. Meir enn 50 land vil vere representert.
Fiskeriminister Per Sandberg vil opne møte og statssekretær Tone Skogen i Utanriksdepartementet deltek også.
Avtala om havnestatskontroll skal førebygge og hindre ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Den har blitt framforhandla gjennom FNs organisasjon for ernæring og landbruk. Avtalen trådde i kraft 5. juni 2016 og har i dag 47 parter (EU er éin part).
Praktisk informasjon
Kva: Det første møtet om havnestatskontroll
Kor: Høyres hus, Stortingsgaten 20, Oslo.
Når: 29. mai klokka 10.00-11.00.
Påmelding: Heile møtet er opent for presse. Presse som ynskjer å delta bes om å registrere seg på media@nfd.dep.no
Pressekontakt:
Pressevakten i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikke sms), media@nfd.dep.no