Presseinvitasjon: Mæland får rapport om verdiskaping i reiselivet

Report this content

Næringsminister Monica Mæland tar onsdag 28. januar i mot ein verdiskapingsanalyse av reiselivsnæringa.

Analysen er utarbeidd av Menon Business Economics i samarbeid med Høgskulen i Buskerud og Vestfold.

I samband med overrekkinga vil Menon presentere hovudfunn frå verdiskapingsanalysen. Presentasjonen er open for pressa.

Føremålet med analysen er å få kunnskap om verdiskapinga frå norsk reiselivsnæring, og kunnskap om framtidig potensial for verdiskaping frå reiselivsnæringa i Noreg.

Kva: Næringsministeren tek imot ein verdiskapingsanalyse av reiselivsnæringa.
Kvar: Nærings- og fiskeridepartementet, Kongens gate 8, Oslo.
Når: Onsdag 28. januar, klokka 11.00.

Ta med pressekort. 

Les meir om Nærings- og fiskeridepartementet sitt arbeid med reiseliv her.


Pressekontaktar:
For næringsministeren: Ragnhild H. Simenstad, mobil 917 17 459, e-post rsi@nfd.dep.no.
For Menon: Erik Jakobsen, mobil 971 70 466, e-post erik@menon.no.

Abonner på pressemeldinger og presseinvitasjoner fra NFD her.

Tags:

Dokumenter og linker