Presseinvitasjon: Mæland møter Sheikha Lubna

Næringsminister Monica Mæland møter utviklingsminister Sheikha Lubna Bint Khalid Al Qasimi frå Dei sameinte arabiske emirata (FAE) måndag 28. oktober.

Sheikaen har bede om eit møte med Mæland for å diskutere søknaden frå Dubai om å få vere vertskap for EXPO 2020. Sheikha Lubna og Mæland vil òg diskutere handelsavtalen mellom EFTA-landa og gulflanda, som ennå ikkje er ratifisert av Emirata. For norske bedrifter kan ein slik avtale tyde millionar i sparte tollutgifter, større eksport og tryggare arbeidsplassar i Noreg.

Monica Mæland gir kommentarar til pressa etter møtet.

Kor: Nærings- og handelsdepartementet, Kongens gate 8

Når: Måndag 28. oktober klokka 10:00

Pressekontakt:
Pressevakta i Nærings- og handelsdepartementet, tlf 902 51 303, media@nhd.dep.no

Abonner på pressemeldinger og presseinvitasjoner fra NHD her.

Tags:

Dokumenter og linker