Presseinvitasjon: Mæland på rundtur på Vestlandet
Næringsminister Monica Mæland (H) besøkjer smelteverket Tizir i Tyssedal, der Enova har investert 122 millionar kroner i prosjektet for å bruke ny miljøteknologi. I tillegg legg Mæland ned grunnstein for nytt bossug i Bergen, opnar den nye strikkemaskinen hos Janus og deltek på Statoil Stavanger Day.
Programmet under kan bli endra.
Onsdag 25.mars
Kl. 09.00: Opning av bossuget i Bergen. Stad: Bergen havn, terminal Dokken.
Bergen får røyrbasert system for innsamling av hushaldssøppel. Mæland fronta dette prosjektet i si tid som byrådsleiar i Bergen kommune. No skal ho leggje ned grunnsteinen, eit modifisert bosspann.
Kl. 10.30: Opning av ny strikkemaskin hos Janus. Stad: Janusfabrikken, Espedal.
Janusfabrikken fyller 120 år i år. Det er ein av dei fremste produsentane av undertøy i Europa, mellom anna ullklede for barn og vaksne. Mæland avdukar og døyper ein ny strikkemaskin i fabrikken.
Kl. 15.00: Besøk til smelteverket Tizir. Stad: Tyssedal, Odda.
Tizir Titanium & Iron (TTI) brukar ny miljøteknologi på smelteverket i Tyssedal utanfor Odda. Enova investerar 122 millionar kroner i dette prosjektet. Smelteverket i Tyssedal er eit av fem i verda, og det einaste i Europa. Dei produserar mellom anna titandioksid, som brukast i maling og plast, og i produkt som solkrem og fiskepudding. Dei produserar òg spesialråjern som mellom anna vert brukt i vindmøller.
Torsdag 26.mars
Kl. 10.00: Besøk til Lyse. Stad: Breiflåtveien 18, Stavanger.
Lyse fortel om Stavanger som ein av Europas Lighthouse Cities og viser fram demoleilighet.
Kl. 13.00: Statoil Stavanger Day. Stad: Stavanger konserthus.
Næringslivskonferansen samlar rundt 600 deltakarar frå olje-, gass- og leverandørindustrien. Mæland held innlegg om konkurransekraftig og innovativ norsk industri.
Pressekontakt:
Kommunikasjonsrådgiver Ragnhild H. Simenstad (med på turen), mobil 917 17 459, e-post rsi@nfd.dep.no
eller pressevakten: 902 51 303 (ikke SMS), e-post media@nfd.dep.no
Abonner på pressemeldinger og presseinvitasjoner fra NFD her.
Tags: