Presseinvitasjon: Mæland til Genève
Næringsminister Monica Mæland deltek på EFTA-møte i Genève førstkomande måndag. Her vil medlemslanda diskutere blant anna brexit, TTIP og handelsavtaler.
- Som ein liten og open økonomi er Noreg heilt avhengig av å handle med andre land. Gjennom Efta får vi tilgang til nye marknadar, seier Mæland.
- Brexit blir eit viktig tema på ministermøtet. Storbritannia er ein svært viktig handelspartnar for oss, og vi må finne ei samarbeidsform som varetek Noreg og dei andre EFTA-landa sine interesser på ein god måte, seier ho.
Mæland vil vere tilgjengeleg for pressa over telefon. Ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Christine Spersrud Haug for å gjere ein avtale. Presse som ynsker å møte Mæland i Genève burde ta kontakt straks.
Når: Måndag 21. november
Kor: EFTA-bygningen, 9-11, rue de Varembé, Genève, Sveits
Pressekontakt:
Kommunikasjonsrådgiver Christine Spersrud Haug, mobil 975 26 759, e-post csh@nfd.dep.no,
eller pressevakten: mobil 902 51 303 (ikke sms), e-post: media@nfd.dep.no.
Abonner på pressemeldinger og presseinvitasjoner fra NFD her.