Presseinvitasjon: Mæland til Østfold
Næringsminister Monica Mæland besøkjer Halden og Sarpsborg tysdag 17. januar.
Østfold er i ferd med å ta ein posisjon i det omstillingsarbeidet Noreg er oppi.
Næringsminister Monica Mæland besøkjer først Remmen kunnskapssenter i Halden og næringsklynga NCE Smart Energy Markets. Næringsministeren vil mellom anna få høyre korleis klynga arbeidar med digital teknologi og korleis ein kan kombinere teknologi med berekraft og fornuftige forretningsmodellar.
Seinare same dag deltek ho på Østfoldkonferansen 2017 i Sarpsborg. Konferansen blir arrangert av Østfold fylkeskommune saman med andre aktørar i fylket. Tema for konferansen er «Det grøne Østfold». Mæland skal ha eit innlegg om ein næringspolitikk for det grøne skiftet.
Kva: Næringsminister Monica Mæland besøkjer Halden
Kor: NCE Smart Energy Markets, Halden
Når: Tysdag 17. januar klokka 11.30
Kva: Næringsminister Monica Mæland deltek på Østfoldkonferansen
Kor: Quality Hotel & Resort Sarpsborg
Når: Næringsministeren held innlegg tysdag 17. januar klokka 13.00
Pressekontakt:
Kommunikasjonssjef Trond Viken, mobil 992 18 303, e-post tvi@nfd.dep.no
eller pressevakten: 902 51 303 (ikke SMS), e-post media@nfd.dep.no
Abonner på pressemeldinger og presseinvitasjoner fra NFD her.