Presseinvitasjon: Mæland til Sogn og Fjordane
Næringsminister Monica Mæland gjestar Aurland, Lærdal og Årdal i morgon, tysdag 10. februar.
Næringsministeren startar dagen i Aurland. Sogn og Fjordane har lange tradisjonar innan reiseliv. I Flåm får Mæland ein presentasjon av arbeidet med heilårsturisme. Det blir også ein tur på fjorden med rib-båt.
Seinare på dagen gjestar Mæland Lærdalsøyri for å diskutere næringsutvikling og Hydro i Øvre Årdal.
Aurland
Kva: Heilårsturisme i Sogn og Fjordane.
Kvar: Flåm turistsenter, oppmøte ved Flåmsbrygga.
Når: 10:40-12:30.
Lærdal
Kva: Næringsutvikling på Lærdalsøyri
Kvar: Øyraplassen 7, 2. etasje.
Når: 13:15-14:00.
Øvre Årdal
Kva: Hydro i Øvre Årdal.
Kvar: Fabrikkbygningen.
Når: 14:45-16:30.
Pressekontakt:
Kommunikasjonsrådgiver Martine Røiseland (med til Sogn og Fjordane), mobil 970 55 024, e-post mrd@nfd.dep.no,
eller pressevakten: mobil 902 51 303 (ikke sms), e-post: media@nfd.dep.no.
Abonner på pressemeldinger og presseinvitasjoner fra NFD her.
Tags: