Presseinvitasjon: Mæland til Stord

Report this content

Næringsminister Monica Mæland besøker Stord måndag 23. februar for å sjå nærare på korleis verfts- og leverandørindustrien har vorte råka av fallande oljepris.

På Stord møter næringsministeren kommunen og verfts- og leverandørindustrien. Det er Stord kommune som har invitert Mæland til Kværner Stord for å orientere om situasjonen.

- Omstillinga vert sjølvsagt vanskeleg for dei som blir direkte råka og for deira familiar. Det vert krevjande. Samstundes er norsk økonomi godt skodd for dei utfordringane vi møter, seier Mæland.

Kva: Næringsminister Monica Mæland besøkjer Stord
Kor: Kværner Stord, Eldøyane
Når: Måndag 23. februar klokka 10:30 (møter pressa klokka 12:00)

Pressekontakt:
Kommunikasjonssjef Trond Viken, mobil 992 18 303, e-brev
tvi@nfd.dep.no
eller pressevakta: 902 51 303 (ikkje SMS), e-post media@nfd.dep.no

Abonner på pressemeldinger og presseinvitasjoner fra NFD her.

Tags:

Dokumenter og linker