Presseinvitasjon: Møter næringslivet for å diskutere brexit

Report this content

Næringsministeren, fiskeriministeren og EØS- og EU-ministeren møter næringslivet i lokala til Nærings- og fiskeridepartementet for å informere om regjeringa sitt arbeid med brexit og få innspel til prosessen vidare.

Merk at møtet er flytta frå Arbeids- og sosialdepartementet til lokala til Nærings- og fiskeridepartementet i Kongens gate 8.

- Brexit går over i ein ny fase no som statsminister Theresa May formelt har starta prosessen med utmelding frå EU. Vi har jamn kontakt med både britane og EU, men treng også viktige innspel om kva behov norsk næringsliv har når Storbritannia går ut av EU, seier næringsminister Monica Mæland (H). 

Nest etter olje og gass, er sjømat det vi sel mest av til britane. Storbritannia har dessutan store havområde som grensar til Noreg, og vil vere ein sentral part i Nordøst-Atlanteren på fiskeriforvalting når landet ikkje lenger er del av EU sin felles fiskeripolitikk. 

- Vi må bli einige om fordelinga av fiskekvoter mellom EU, Noreg og Storbritannia. Vi må få på plass eit nytt avtaleverk, regulere tilgangen til å fiske i kvarandre sine soner for felles bestandar, og etablere nye løysingar i bytteavtalen, seier fiskeriminister Per Sandberg (FrP).

Noreg sin handel med Storbritannia er i dag regulert av EØS-avtalen.

- Noreg er tett integrert i den indre marknaden gjennom EØS-avtalen, og er såleis ikkje ein regulær tredjepart. Vi har tett dialog med EU om dei deler av forhandlingane mellom Storbritannia og EU som gjeld den indre marknaden, seier EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen (H).  

Dette er andre gong regjeringa møter næringslivet for å diskutere brexit. Førre møte var i august 2016.

Kva: Næringsministeren, fiskeriministeren og EØS- og EU-ministeren møter næringslivet for å diskutere regjeringa sitt arbeid med brexit.
Kor: Nærings- og fiskeridepartementet, Kongensgate 8.
Når: 11. mai klokka 11.30-13.00.

Merk at møtet er flytta til Nærings- og fiskeridepartementet i Kongens gate 8.

Heile møtet er opent for pressen. Presse som ynskjer å delta kan registrere seg på forehand til media@nfd.dep.no

Pressekontakt:
Pressevakten i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikke sms), 
media@nfd.dep.no

Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD her.