Presseinvitasjon: Næringsministeren kunngjer næringslivets meisterliga
Næringsminister Monica Mæland avslører kva for næringsmiljø som får status som Global Centres of Expertise – klyngenes internasjonale meisterliga - onsdag 18. juni.
Regjeringa forsterkar klyngesatsinga gjennom lanseringa av eit nytt, høgare nivå for norske klynger, Global Centres of Expertise (GCE). Dette er meisterligaen – klynger som er godt etablert, og kor verksemdene er leiande på verdsbasis. Næringsminister Monica Mæland offentleggjer namna på dei få, utvalte klyngene som får GCE-status på arrangementet 18. juni.
Klyngeprogramma er ein svært viktig del av næringspolitikken i Noreg og eigas av Noregs forskingsråd, Siva og Innovasjon Noreg.
Les meir og sjå heile programmet her (Innovasjon Noreg)
Kva: Næringsminister Monica Mæland avslører kva for næringsmiljø som får status som Global Centres of Expertise – klyngenes internasjonale meisterliga.
Kor: Astrup Fearnley-museet, Strandpromenaden 2, i Oslo.
Når: Onsdag 18. juni klokka 10:00
Pressekontakt:
Kommunikasjonssjef Trond Viken, mobil 992 18 303, e-post tvi@nfd.dep.no
eller pressevakta: 902 51 303 (ikkje SMS), e-post media@nfd.dep.no
Abonner på pressemeldinger og presseinvitasjoner fra NFD her.
Tags: