Presseinvitasjon: Tar imot utgreiingar om handtering av norsk atomavfall
Næringsminister Monica Mæland tar tysdag 27. januar imot to utgreiingar om handtering av norsk atomavfall.
Konseptvalutgreiingane (KVU) er utarbeidde av DNV GL med samarbeidspartnarane Studsvik Nuclear AB, Quintessa Ltd., Westinghouse Electric Sweden AB og Samfunns- og Næringslivsforskning AS (SNF). Utgreiingsarbeidet starta i september 2013.
I samband med overrekkinga vil DNV GL presentere hovudkonklusjonane i utgreiingane. Presentasjonen er open for presse.
Den første utgreiinga vurderer løysingar for handtering og oppbevaring av brukt kjernebrensel og anna radioaktivt avfall frå norsk nukleær verksemd.
Den andre utgreiinga vurderer metode for framtidig nedbygging og avvikling av dei norske atomanlegga, medrekna val av oppryddingsnivå i Halden og på Kjeller.
Kva: Næringsministeren tar imot to utgreiingar om handtering av norsk atomavfall.
Kvar: Nærings- og fiskeridepartementet, Kongens gate 8, Oslo.
Når: Tysdag 27. januar, klokka 14.30.
Ta med pressekort.
Les meir om Nærings- og fiskeridepartementet sitt arbeid med nukleære saker her.
Lurer du på kor mykje radioaktivt avfall vi har i Noreg, kvar det kjem frå og kvar det blir lagra i dag?Les ofte stilte spørsmål her.
Pressekontakter:
For næringsministeren: Ragnhild H. Simenstad, mobil 917 17 459, e-post rsi@nfd.dep.no
For DNV GL: Tore Høifødt, mobil 906 02 694, e-post Tore.Hoifodt@dnvgl.com
Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD her.
Tags: