Priv. til. red: Giske til Årdal, Luster og Sogndal
Nærings- og handelsminister Trond Giske besøkjer Årdal, Luster og Sogndal måndag 12. august.
Program
08:45-09:45 Årdal: Giske besøkjer Hydro Aluminium Årdal AS. I Årdal har Hydro eit av sine fire heleigde primæraluminiumsverk i Noreg. Hydro har i underkant av 600 tilsette i Årdal fordelt på anlegga i Øvre Årdal og på Årdalstangen. I tillegg til produksjonen driv Hydro eit av industriens ledande sentre for forsking i Årdal. Pressekontakt for praktisk informasjon om besøket: Informasjonssjef Odd Steinar Natvik, mobil 951 68 732, e-post: odd.steinar.natvik@hydro.com.
11:30-12:10 Luster: Giske opnar bedrifta Massiv Lust AS. Fabrikken inst i Sognefjorden er resultat av at Alexander og kona Maren Lien valte å flytte frå Oslo til Luster i 2010. Der kjøpte dei eit småbruk og bygde et nytt hus på garden av massivtre. Dei blei imponert over eigenskapane til materialet tre og mogelegheitene bruk av massivtre opna for. Med det nye fabrikkanlegget vil Massiv Lust AS starte fullskala produksjon av massivtre. Pressekontakt for praktisk informasjon om besøket: Daglig leder i Massiv Lust, e-post alex@massivlust.no, mobil 410 79 847.
PS Visste du at det er oppretta ei eiga stilling i Sogn og Fjordane som skal jobbe for å stimulere til auka bruk av tre i fylket? Tredrivar Irmelin Fisch Vågen startar i jobben 12. august. Les meir her.
Pressekontaktar:
Politisk rådgjevar Jan Christian Vestre (med på reisa): mobil 415 45 805, e-post jcv@nhd.dep.no
Pressevakta med den raude telefonen i Nærings- og handelsdepartementet: 902 51 303, e-post: media@nhd.dep.no