Priv. til red: Konferanse om framtidas Nord-Noreg

Report this content

Statsrådane Trond Giske, Lisbeth Berg-Hansen, Liv Signe Navarsete og Bård Vegar Solhjell deltek på konferansen «Framtid i nord» i Tromsø torsdag 27. juni.

Korleis møter vi utfordringane innan viktige næringar som sjømat og reiseliv? Kva betyr desse næringane for Noreg og Nord-Noreg i dag, og kva kan dei bety i framtida?

Kor: Konferansesenteret Arktika, Framsenteret i Tromsø
Når: Torsdag 27. juni klokka 10:15 - 16:30.

Konferansen vil presentere nokre av dei sentrale funna som prosjektet «Kunnskapsinnhenting – verdiskaping i nord» har kome fram til så langt. Prosjektet har som mål å sjå på verknadar og ringverknadar av økt satsing på verdiskaping som reiseliv og fiskerirelatert verksemd i Nord-Noreg. Kunnskapsinnhentinga vert ferdig vinteren 2014.

Les meir og heile programmet her.
Les meir om kunnskapsinnhentinga her.

Pressekontakt:
For Giske (NHD): Kommunikasjonssjef Trond Viken, mobil 992 18 303
For Berg-Hansen (FKD): Kommunikasjonssjef Ingrid Dåsnes, mobil 452 41 874.
For Navarsete (KRD): Kommunikasjonsrådgjevar Sissel Mossing, mobil 920 80 147.
For Solhjell (MD): Kommunikasjonsrådgjevar Gard Nybro-Nielsen, mobil 952 44 674.

Tags:

Dokumenter og linker