Rapport om verkemiddelbruk overfor reiselivsnæringa

Report this content

Nærings- og handelsdepartementet ynskjer å peke ut og ta i bruk dei verkemidla som er mest effektive for å oppnå måla i regjeringa sin reiselivsstrategi. I dag fikk statsråd Trond Giske ein rapport kor dei vert analysert.

På møte i Strategisk råd for reiseliv 23. mai presenterte Samfunns- og næringslivsforsking AS (SNF) rapporten ”Samfunnsøkonomisk analyse av næringspolitiske verkemiddel overfor reiselivsnæringa”. Rapporten er utarbeidd på oppdrag frå Nærings- og handelsdepartementet, og blei teke imot av statssekretær Halvard Ingebrigtsen.

-          Rapporten analyserer kva typar verkemiddel det bør bli meir av og mindre av overfor næringa, for at det skal vera samfunnsøkonomisk forsvarleg. Det er eit viktig innspel til arbeidet med revidert reiselivsstrategi, seier statssekretær Ingebrigtsen.

Nærings- og handelsdepartementet gav SNF oppdraget med å utarbeide analysen i fjor haust. I rapporten vert det drøfta om statleg, fylkeskommunal og kommunal næringspolitikk overfor reiselivsnæringa kan seiast å ha ei samfunnsøkonomisk grunngiving. Han har teke for seg både gjeldande og kjende verkemiddel, behovet for desse og effekten av dei. Han har og vurdert om det er behov for å justere innretninga på verkemidla og/eller utvikle nye verkemiddel for å møte næringa sine behov.  Analysen gir somme overordna vurderingar om kva som i samfunnsøkonomisk forstand er formålstenlege næringspolitiske verkemiddel. Rapporten kjem likevel ikkje med konkrete forslag til endringar.

-          Når den reviderte reiselivsstrategien blir lagt fram rundt komande årsskifte, vil vi kome med konkrete tiltak for ytterlegare satsing på reiselivsnæringa, seier Ingebrigtsen.

Han understrekar at denne rapporten er ein av fleire analysar departementet har motteke som innspel til revidert reiselivsstrategi.

 

 

Tags:

Dokumenter og linker