Rekordstor næringsdelegasjon til Afrika med Giske og Solheim

Report this content

Ein næringsdelegasjon på 96 representantar frå selskap og organisasjonar set 19. november kursen mot Ghana, Angola og Mosambik. Dei blir leia av nærings- og handelsminister Trond Giske og miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

På programmet står møte med fleire høgtståande politikarar, sentrale bedrifter i dei tre landa og gjestinga til norske verksemder. I tillegg vil næringslivsrepresentantane ha seminar ved sidan av programet åt statsrådane. Det er fyrste gong Giske (AP) og Solheim (SV) reiser med ein slik delegasjon saman.

-      Afrika sin økonomiske vekst representerer gode moglegheiter for norske bedrifter. Her finst det eit stort investeringspotensial for dei rette verksemdene. Regjeringa vil hjelpe til å opne dører for desse. Det kan vere utfordrande å få fotfeste for selskap som står aleine. Derfor gir vi dei høve til å vere med på ei slik delegasjonsreise, seier Giske.

-          Vi må følgje med i timen og ikkje bli sett på sidelinja av andre land som investerer i Afrika. Investeringar er ei veldig viktig drivkraft for utvikling i fattige land over heile verda. Det nye no er Afrika. Spesielt innan fornybar energi har Noreg både kompetanse og dyktige bedrifter, seier Solheim.

I dag, 4. november, inviterte Giske og Solheim til eit Afrika-seminar hos NUPI, for påmeldte deltakarar i delegasjonen. Blant foredragshaldarane var Arne Melchior, seniorforskar hos NUPI, som heldt innlegg om ”Trender og moglegheiter for norske bedrifter”. Ayo Salami Chief Investment Officer Duet Africa, snakka om ”Africa - opportuinities in the last frontier market”, mens Øyvind Eggen, seniorforskar ved NUPI, heldt innlegg om ”Myteknusing og langsiktige utviklingstrekk”.

-      Vi reiser snart med tidenes største næringslivsdelegasjon til Afrika, og for å førebu gjesta best mogeleg valde vi å arrangere dette seminaret. Her kan delegasjonen gi innspel til departementa i framkant av turen, samtidig som dei får fagleg påfyll og praktisk informasjon sjølv, seier Giske.

 


 

Les meir om reisa i tidlegare pressemelding:

http://www.regjeringen.no/nb/dep/nhd/pressesenter/pressemeldinger/2011/giske-og-solheim-til-afrika-for-a-fremme.html?id=653733

 

 

Kontakt:

Anne Cecilie Lund, kommunikasjonssjef Nærings- og handelsdepartementet, 996 21 213.

Ragnhild Håland Simenstad, kommunikasjonsrådgiver i Utenriksdepartementet, 917 17 459.

 

 

Tags:

Dokumenter og linker