Rydder opp i radioaktivt gruveavfall
Nærings- og fiskeridepartementet lyser nå ut oppdraget for å gjennomføre miljøtiltak ved Søve gruver i Telemark.
Statens strålevern har bedt Nærings- og fiskeridepartementet gjere naudsynte tiltak for å hindre radioaktiv forureining frå Søve gruver. Det er løyva 20,5 millionar kroner til arbeidet.
– Oppryddinga skal skje sommaren og hausten 2014. Eg er veldig nøgd med at ei sak som har versert i fleire tiår endeleg får ei god løysing, seier næringsminister Monica Mæland.
Miljøtiltaka vil mellom anna innebere fjerning av forureina massar og lagring i godkjend deponi.
– Etter oppryddinga skal ikkje bruken av området bli hemma av at det har vore radioaktivt avfall på staden, seier Mæland.
Statsaksjeselskapet AS Norsk Bergverk dreiv utvinning av metallet niob ved Søve i Nome kommune i Telemark i perioden 1953 til 1965. Verksemda førte til forureining av jord og ei oppsamling av radioaktive stoff, hovudsakleg uran og thorium. Nærings- og fiskeridepartementet har teke på seg å betale og gjennomføre oppryddinga.
Pressekontakt:
Kommunikasjonsrådgiver Ragnhild H. Simenstad, mobil 917 17 459, e-post rsi@nfd.dep.no
eller pressevakten: 902 51 303 (ikke SMS), e-post media@nfd.dep.no
Abonner på pressemeldinger og presseinvitasjoner fra NFD her.
Tags: