Samlar NIFES og Havforskingsinstituttet til eitt institutt

Report this content

Regjeringa vil samle Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES) og Havforskingsinstituttet til eitt institutt frå 1. januar 2018.

- Det er venta ein sterk vekst innan marin sektor i åra framover. Det aukar behovet for meir kunnskap og fagleg samspel. Med det nye instituttet etablerer vi eit breiare og meir konkurransekraftig forskingsinstitutt, også internasjonalt, seier fiskeriminister Per Sandberg (FrP).

Saman skal NIFES og Havforskingsinstituttet utvikle vidare det faglege kunnskapsgrunnlaget frå hav til mat. Dei har i dag ulike, men komplementære oppgåver. Det nye instituttet skal leggje betre til rette for tverrfaglege prosjekt der havmiljø, havstraumar, fiskeernæring og førekomsten av uønskte stoff i sjømat sjåast i samanheng. Instituttet skal óg utvikle vidare kunnskapsgrunnlag gjennom auka samspel om fag, infrastruktur og drift.

NIFES og Havforskingsinstituttet er lokaliserte i nærleiken av kvarandre i Bergen. Det er allereie ein prosess i gang som vurderer ei mogeleg samlokalisering av marine forskingsmiljø i Bergen.  

Både NIFES og Havforskingsinstituttet er nasjonale rådgivande forskingsinstitutt underlagt Nærings- og fiskeridepartementet. NIFES er ansvarleg for langtidsovervaking av uønskte stoff og næringsstoff i villfisk, oppdrettsfisk, skaldyr, fôr, fôrressursar og sjømatprodukt i Noreg. Havforskingsinstituttet sitt samfunnsoppdrag er å skaffe kunnskap og gi råd for ei berekraftig forvalting av dei marine ressursane i økosystema, og ei berekraftig utvikling av havbruksnæringa.  

Pressekontakt:
Pressevakten i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikke sms), 
media@nfd.dep.no

Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD her.