Statssekretær Rikke Lind til italiensk møbelmesse
Statssekretær Rikke Lind opnar den norske utstillinga på møbelmessa Salone Del Mobile i Italia torsdag 19. april. Det er ei stor hending for det er første gong norske bedrifter er med i den offisielle delen av messa.
Statssekretæren i Nærings- og handelsdepartementet er 18. -20. april i Italia der hun blant anna skal stå for den offisielle opninga av den norske utstillinga på møbelmessa Salone del Mobile i Milano. Seks norske bedrifter vil være tilstades på standen med 100m2. Dei norske deltakarane er Håg, Variér, LK Hjelle, Fjordfiesta, Stordal og Rørostweed.
- For å lukkast mot stadig tøffare internasjonal konkurranse må vi finne innovative løysingar å skilje oss ut på. Design er et slikt innovasjonsverktøy, seier statssekretær Rikke Lind.
Italia er ein spennande destinasjon for norsk møbeldesign, både som marknad og som utstillingsvindauge internasjonalt.
Det finst mange gode høve på norske bedrifter som har oppnådd økt lønnsemd og konkurranseevne gjennom bevisst bruk av design. Derfor satsar regjeringa på design som innovasjonsdriver for norsk næringsliv. Norsk Designråd og Innovasjon Noreg gjør en viktig innsats for å fremme god bruk av design i næringslivet i hele landet.
- Satsinga på design gir resultat. Norsk design får stadig større internasjonal merksemd gjennom ein rekke omtaler og reportasjar om norsk design i internasjonale tidsskrifter og aviser. Deltakinga på den anerkjende møbelmessa i Milano er nok eit godt døme på den positive utviklinga, seier Lind.
Statssekretæren vil også ha samtalar med norsk næringsliv om deira engasjement i Italia, samt dele norske erfaringar på eit møte om kvinnelege ledarar og kva dei kan tilføre bedrifter medan ho er i Milano. I Roma vil ho møta representantar frå Confindustria, italienaranes svar på NHO, samt statssekretær for økonomisk utvikling Massimo Vari. Italia er Noregs 9. største eksportmarknad og på 12. plass av importmarknader.
- Italia representerer ein attraktivt marknad for norske solenergiselskap, samt for tilbydarar av software‐applikasjonar, og mobiletenester. Samstundes tyder handelsstatistikken på at norsk design har muligheiter i Italia. Eksporten av kler økte med heile 101 prosent i 2011. Dette er ein utvikling vi må arbeide systematisk for å utnytte vidare, seier Lind.
Pressekontakt:
Øystein Solvang, kommunikasjonsrådgiver i Nærings- og handelsdepartementet, 466 60 428. oys@nhd.dep.no
Pressevakten i Nærings- og handelsdepartementet, tlf 902 51 303, nhdinfo@nhd.dep.no.
Tags: