Tettare samarbeid mellom næring og forsking
Fiskeriministeren opprettar eit nytt rådgjevande utval for ressursforsking. Formålet er å få gode innspel frå næringa om forsking og bestandsovervaking.
- Næringa sit på kunnskap om fiskebestandane våre. Det er viktig å kople næringa og forskinga sine kunnskapar, for å få så godt grunnlag for havforskinga som råd er, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
Det rådgjevande utvalet blir leia av Norges Fiskarlag og der blir representantar frå Norges Kystfiskarlag, Pelagisk Forening og Havforskingsinstituttet. Fiskeridirektoratet og Nærings- og fiskeridepartementet vil vere observatørar.
- Eg håpar utvalet kan bidra til felles forståing av utfordringane i ressursforskinga, og at næringa og styresmaktene saman drar lasset i arbeidet med vidare innsats på dette feltet, legg Aspaker til.
Dei aktuelle næringsorganisasjonane blir bedt om å komme med framlegg til deltakarar i utvalet innan 5. juni. Utvalet vil deretter formelt bli oppretta av departementet.
Pressekontakt:
Pressevakten i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikke sms), media@nfd.dep.no
Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD her.