Torskehotell skal gje forbrukarane fersk fisk
Regjeringa lanserer strategi for levandelagring av vill fisk.
- Torsken har noko å lære av laksen. Oppdrettsnæringa klarer å gje forbrukarane god tilgang på ferske råvarer heile året, og eg er overtydd om at det er ein marknad også for fersk torsk, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
Det er ei utfordring at mesteparten av torsken blir fiska fram til påske. Dermed er det vanskeleg å møte etterspørselen etter fersk fisk resten av året og å halde oppe fiskeindustri med heilårlege arbeidsplassar.
Torskehotell er merdar der torsken går levande fram til slaktinga. Slik blir kunnskap og teknologi frå oppdrettsnæringa ført over på torsken på ein ny måte. Metoden gjev betre kvalitet på fisken og tilbod om fersk torsk heile året.
- Produksjonskostnadene i Noreg vil alltid vere høge. Men vi har gode føresetnader for å utvikle nisjeprodukt med utgangspunkt i råvarer av høg kvalitet. Vi har no lagt bak oss tidendes skreisesong og ser at det er ein marknad for fersk fisk, seier Aspaker.
Dette er dei viktigaste tiltaka i regjeringa sin strategi:
- Forenkle regelverket
- Vidareføre kvotebonus
- Auke tilskot til kunnskap og kompetanseheving
- Sjå på infrastruktur og mottaksanlegg
- Vi er allereie i gang med regelverksarbeidet. Målet er å legge endå betre til rette for levandelagring, og vi tar sikte på å få dette på plass før neste års sesong, seier Aspaker.