Varslar nye og skjerpa reglar mot fiskerikriminalitet
Nærings- og fiskeridepartementet har i dag vedteke ny forskrift om landings- og sluttsetlar. – Dette skal gi betre kontroll og førebygge lovbrot, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
- Den siste tida har mange vore opptekne av ulovlege forhold ved landing av fisk. Dette viser at det er nødvendig med effektive tiltak som også førebygger fiskerikriminalitet, seier fiskeriministeren.
Den nye forskrifta trer i kraft 1. januar 2015, og gir dermed dei bedriftene som har behov for det, tid til å omstille seg. I tillegg får Fiskeridirektoratet i ein overgangsfase høve til å dispensere i inntil to år frå dei nye krava, dersom dette skulle vere nødvendig.
Her er dei viktigaste endringane:
- Utvida opplysningsplikt, blant anna ved strengare krav til å føre journal over vareflyten internt på fiskemottaka.
- Utvida krav til vekt og veging. Det er skjerpa krav til blant anna høve til å lese av vekta og plassering av vekta for å sikre at både fiskar og kontrollpersonell skal kunne følgje med under veginga.
- Mottakar skal straks etter eit kvart uttak av fisk som blir transportert frå det enkelte anlegget, føre inn opplysningar om transporten, art, produkttilstand, storleiksamansetting og kvantum.
- Den nye forskrifta bidreg til å sikre meir korrekt registrering av det hausta kvantumet og vil sørgje for at vi får fleire kontrollpunkt lenger ut i verdikjeda, seier Aspaker.
For å gjere regelverket lettare tilgjengeleg, har departementet no samla alle føresegner som gjeld opplysningsplikt ved landing og omsetning av fisk i den nye landings- og sluttsetelforskrifta. Dette inneber at både forskrift 22. januar 2003 om opplysningsplikt ved landing og omsetning av fisk og forskrift 13. november 1995 om oppgave og opplysningsplikt for enhver som mottar og omsetter fangst, blir oppheva.
Som eit ledd i oppfølginga av møtet fiskeriministeren nyleg hadde med næringa om fiskerikriminalitet, har Nærings- og fiskeridepartementet også bedt Fiskeridirektoratet om å setje i gang ein høyringsprosess for å vurdere korleis ei innmeldingsordning for fartøy under 15 meter kan gjennomførast på ein mest mogleg praktisk og tenleg måte. Ein reknar med at dette kan sendast på høyring før sommaren. Direktoratet er også bedt om å vurdere om erfaringane frå vintersesongen i år tilseier ytterlegare regelendringar. Slike forslag vil i så fall bli sende på eiga høyring.