Vil gjere det enklare å bygge skip i Noreg
Nye reglar kan gi norske verft fleire kontraktar om å bygge skip.
- Vi ønsker at norske verft skal kunne bygge fleire skip. Derfor opnar vi for at GIEK kan garantere for fleire byggesaker, seier næringsminister Monica Mæland.
Garantiinstituttet for Eksportkreditt (GIEK) gir garantiar på vegne av staten.
For at GIEK skal gi garanti til bygging av skip, må kjøparen betale inn minimum 20 prosent av kontraktssummen i løpet av byggeperioden.
- Dette vilkåret er ikkje i tråd med endringane som har skjedd i marknaden. Derfor justerer vi kravet, slik at det blir i tråd med det dei private bankane tilbyr. Dette vil gjere norske verft meir konkurransedyktige, fordi dei nå får lettare tilgang til finansiering. Dette er òg gode nyheiter for ein leverandørindustri som har nokre tøffe år framfor seg, seier Mæland.
Endringa kjem i samband med regjeringas nye maritime strategi. Regelen gjeld frå og med 1. mai.
Dei nye reglane inneber at kjøparen kan betale inn mindre enn 20 prosent. GIEK kan sjølv bestemme denne delen, ut ifrå risikoen i den enkelte saka.
GIEK garanterer for inntil 50 prosent av det enkelte lånet. Ein eller fleire bankar garanterer for resten av beløpet, på like vilkår. Ramma for ordninga med byggelånsgaranti er fem milliardar kroner.
- Lettare tilgang til finansiering gjer verftsindustrien meir konkurransedyktig. Det trengst i ein krevjande marknad. Ein sterkare verftsindustri er viktig for små og store underleverandørar, seier avdelingsdirektør Solveig Frøland i GIEK.
Pressekontakt:
For næringsministeren: Pressevakta i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikke sms), media@nfd.dep.no
For GIEK: Kommunikasjonssjef Allon Groth, tlf 932 51 124, agr@giek.no
Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD her.
Tags: