Vil ha fleire gode gründerar
- Norsk næringsliv må få fleire bein å stå på. Derfor treng vi fleire gode, nyskapande gründerar som startar nye og lønsame bedrifter, seier næringsminister Monica Mæland.
Næringslivet står framfor tøffe omstillingar i åra som kjem. For å legge til rette for meir nyskaping og fleire nye bedrifter, startar regjeringa arbeidet med ein gründerplan.
- Gründerar fornyar næringslivet og skaper dei bedriftene vi skal leve av i framtida. Derfor er det avgjerande at Noreg er eit godt land å starte og utvikle ny verksemder i, seier næringsminister Monica Mæland.
Noreg kjem til å leve av oljen i lang tid framover, men vi treng fleire bein å stå på. Den internasjonale konkurransen blir stadig sterkare, og vi må takle overgangen til eit meir klimavennleg samfunn. Samtidig får Noreg fleire eldre å forsørgje.
- Vi har allereie tatt eit historisk løft for å legge til rette for meir innovasjon og fleire nyetableringar i heile landet. Mange gründerar manglar likevel nødvendig kompetanse og kapital i startsfasen. Unødig byråkrati stel tid og ressursar. Vi held derfor fram med arbeidet for å fornye, forbetre og forenkle vilkåra for gründerar i Noreg, seier næringsministeren.
Gründerplanen skal leggast fram i år.
- No ønskjer eg innspel til korleis regjeringa på beste måte kan betre vilkåra for dagens og morgondagens gründerar. I tillegg vil eg møte gründerar for å diskutere relevante utfordringar, seier Mæland.
Pressekontakt:
Pressevakten i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikke sms), media@nfd.dep.no
Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD her.
Tags: