Styrkjer den digitale sikkerheita
– Regjeringa vil auke innsatsen for ein trygg digital kvardag for både næringslivet og innbyggarane. Difor må vi styrkje beredskapen, halde oppe eit høgt sikkerheitsnivå og sørgje for høg kvalitet for brukarane, seier næringsminister Monica Mæland.– Digital kommunikasjon skal no vere førstevalet i kontakten til og frå det offentlege. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Brønnøysundregistra og Altinn med 14,7 millionar kroner for å gjennomføre sikringstiltak i 2014, seier Mæland. Brønnøysundregistra og Altinn har samfunnskritiske funksjonar og har skjermingsverdige objekt.