Ny næringsforsking for 1,5 milliardar kroner
Regjeringa har auka støtta til Forskingsrådet sitt største næringsretta program. 75 nye prosjekt for til saman 1,5 milliardar kroner har kome gjennom nålauget.- Norsk næringsliv må førebu seg på omstilling og få fleire bein å stå på. Ny næringsforsking for 1,5 milliardar kroner viser at det er mange gode søknader frå norske bedrifter. Dette gir grunn til å vere optimistisk på vegne av næringslivet, seier næringsminister Monica Mæland. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for meir forsking i næringslivet. I 2015-budsjettet styrka derfor regjeringa programmet Brukarstyrt innovasjonsarena (