Mæland til Japan
Næringsminister Monica Mæland besøkjer Japan 23.–26. januar 2017 for å støtte norsk næringsliv og lære meir om japansk økonomi.Ho ynskjer også politiske samtalar for å diskutere aktuelle spørsmål om nærings- og handelspolitikk. - Norske verksemder må ut i verda for å lykkast. Japan er ein stor marknad med sterk kjøpekraft, og norske verksemder har mykje å tilby, seier næringsminister Monica Mæland (H). Japan har i fleire tiår vore ein av Noregs viktigaste eksportmarknader utanfor Europa. Mange verksemder har gode relasjonar med partnarar i Japan. Tradisjonelle sektorar som maritim