Presseinvitasjon: Mæland til India
Næringsminister Monica Mæland besøkjer New Delhi 17.-18. april for å delta på toppmøte for næringsliv i Noreg og Asia.Norsk næringsliv i Asia samlast kvart år til konferansen Norway-Asia Business Summit som i år blir halden i Indias hovudstad New Delhi 16.-18. april. – India er ein stor og viktig marknad med stort potensial. Vi ynskjer eit tettare økonomisk samarbeid med India. Difor er eg oppteken av å bli ferdig med forhandlingane om ein avtale om frihandel med India så raskt som mogeleg, seier næringsminister Monica Mæland (H). Næringsministeren opnar