Vil ikkje påby redningsvest
Regjeringa ønskjer ikkje eit påbod om bruk av redningsvest om bord i fritidsbåtar. – Det er viktig å bruke redningsvest, men eit påbod er ikkje vegen å gå, seier næringsminister Monica Mæland.– Det må vere redningsvestar til alle som er om bord i båten. Eg trur på fridom under ansvar, og oppfordrar alle til å bruke vest. Ingen andre land har eit påbod om å bruke redningsvest. Eit påbod er ikkje vegen å gå, seier næringsminister Monica Mæland. Over halvparten av den norske befolkninga er kvart år om bord i fritidsbåtar. Over 80 prosent bruker nesten alltid vest. Dessverre døyr likevel