Arealrekneskap for Noreg

Report this content

Ås, 20. juni 2005 Arealrekneskap for Noreg (FOTO) Noreg har ikkje noko samla oversikt over arealressursane i landet. Vi har mykje kunnskap om tettstadnære areal, jordbruksareal og den produktive skogen, men til dømes fjellviddene våre som utgjer kring halvparten av landarealet, veit vi lite om. Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS), saman med Statistisk Sentralbyrå (SSB), set no i gang arbeid for å få fram ein samla nasjonal arealstatistikk. Eit arealrekneskap skal gje oversikt over arealstatus og rapportere om endringar mellom ulike arealtypar. Eit slikt rekneskap er ein viktig reiskap for å utforme arealpolitikk, dokumentere arealbruk og arealendringar og utøve resultatkontroll knytt til arealdisponering og planlegging. Bruksområdet vil i første rekkje ligge på nasjonalt og regionalt nivå. Internasjonal rapportering vil òg vera ein viktig bruk. - For å oppfylle intensjonane i den foreslegne lova om naturmangfald, trengs det eit solid kunnskapsgrunnlag. Dette arealrekneskapet vil vere ein grunnstein i så måte, seier Nils Karbø, direktør ved NIJOS. Arealrekneskapet byggjer på ei utvalgsundersøking av eit nettverk av punkt med 18 kilometers mellomrom. Same nettverket er også lagt ut over mange av EU-landa . Først ute er Hedmark For Hedmark har NIJOS laga ein førebels arealstatistikk som dokumenterer arealfordelinga for fjellområda i fylket. (NIJOS-rapport 05/05: Arealrekneskap for Noreg, Fjellet i Hedmark). Statistikken viser at fjellet i Hedmark er heilt dominert av fattig heivegetasjon. Hedmark er lavfylket framfor noko anna. 42% av arealet i snaufjellet har meir enn 50% lavdekning. Spesielt for fylket er og dei store areala av røsslynghei sør og aust i fylket. Berre 2,5% av arealet i Hedmark høyrer til rike engsamfunn. Dette er dei viktigaste areala både med omsyn til beite og biologisk mangfald. Eit skarpt bergartsskilje skapar store forskjellar i artsrikdom og produktivitet frå det rike fyllittområdet i nord til fattig sandstein i midtfylket. Dei beste fjellbeita og størst biologisk mangfald vil ein difor finne i nord. – For fylka vil slike tal først og fremst vera viktige for utforming av areal- og miljømål. Rekneskapet vil og vera viktig som referansegrunnlag for lokale avgjerder innan arealdisponering og -planlegging, seier Yngve Rekdal, seksjonsleiar utmark ved NIJOS. Sumaren 2005 følgjer NIJOS opp med tilsvarande granskingar for resten av fjellområde i Søraust Noreg. Relevant informasjon · Arealrekneskap for Noreg, Fjellet i Hedmark - NIJOS-rapport 06/05 · Bilete til illustrasjon av saka: Storsølnkletten er ein karakteristisk fjellprofil i Hedmark. Foto: Y. Rekdal © NIJOS Kontakt · avdelingsdirektør Geir-Harald Strand, NIJOS, tlf: 64 94 96 99, e-post: geir-harald.strand@nijos.no · seksjonsleiar utmark Yngve Rekdal, NIJOS, mob: 95 93 35 20 FAKTA Funn frå Hedmark · I Hedmark som elles i Noreg er vegetasjonen over skoggrensa dominert av fattige heisamfunn. Heile 73% av arealet høyrer med til denne gruppa. · Særmerkt for Hedmark er den høge lavdekninga i vegetasjonen. Vegetasjonstypen lavhei dominerer over rishei som elles oftast er vanlegaste typen i fjellet. Høg forekomst av alpin røsslynghei er spesiell i eit innlandsfylke. · Berre 2,5% av arealet høyrer til rike engsamfunn som er dei viktigaste areala både med omsyn til beite og biologisk mangfald. · Ved sida av høgdenivå skapar forskjellar i bergartar eit viktig skilje i forekomst og utforming av vegetasjonstypar i fjellet i Hedmark. Fylket er todelt med ei skarp bergartsgrense som går sør for Folldalen, over Alvdal og vidare aust for Glomma nordover mot Røros. I fyllittområdet i nord aukar forekomsten av engsamfunn; høgstaudeeng og lågurteng, samt at utformingane av desse typane her er frodigare og meir artsrike enn i sandsteinområdet i midtfylket. I fyllittområdet forekjem også reinroseheia der mykje av dei sjeldnaste fjellplantene våre kan finnast. Areal av registrerte vegetasjonstypar som er viktige for biologisk mangfald dekkjer 8% av fjellarealet i Hedmark. Størstedelen av dette finn ein i fyllittområdet. Kalkmyrer utgjer det meste av rikarealet. · Ut frå vegetasjonsdekket vil 31% av arealet over skoggrensa vera nyttbart beiteareal for storfe, 26% for sau. Det praktisk nyttbare arealet vil vera noko lågare. Berre 2% av totalarealet ligg i beste beiteklasse og dette er truleg lågt i høve til mykje av anna fjellareal i landet. Hedmark samla ser ut til å ha avgrensa med beiteressursar over skoggrensa. Kvaliteten vil ha store variasjonar over korte avstandar lokalt. Frå nord til sør vil ein òg sjå at fyllittområdet vil vera vesentleg betre enn sandsteinområdet. Skal godt resultat sikrast av beitebruk i Hedmark er det derfor viktig å ha kunnskap om kvar dei gode beita er og kor mange dyr beita tåler. Om NIJOS Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) skaffar informasjon om jorda, skogen, utmarka og landskapet i Noreg til bruk i offentleg forvaltning og næringsutvikling. Instituttet er eit nasjonalt fagorgan under Landbruks- og matdepartementet. Verksemda har 130 tilsette med hovudkontor i Ås i Akershus, og regionkontor i Midt-Noreg og Nord-Noreg. ------------------------------------------------------------ Informasjonen er sendt gjennom Waymaker http://www.waymaker.no