Kartlegging i kampen mot attgroing i utmarka (Foto)

Report this content

Kartlegging i kampen mot attgroing i utmarka (Foto) 20. mars 2006 Utmarka er ein svært viktig ressurs for beitenæring og reiseliv. No truger attgroing denne ressursen. Kommunar som Tolga og Os har teke fatt i problemet. Med grunnlag i NIJOS si kartlegging av vegetasjonen, skal dei stimulere til tiltak som kan motverke attgroinga. Utmarka har til alle tider vore ein svært viktig del av ressursgrunnlaget for jordbruket i Nord-Østerdalen. Framleis blir utmarka bruka aktivt gjennom beiting og seterdrift. Men haustinga er no så mykje redusert, at attgroing er eit trugsmål mot både beitekvalitet, biologisk mangfald og opplevingsverdiar i landskapet. Kommunane Tolga og Os har teke fatt i dette. Dei vil med grunnlag i ressurskartlegging, stimulere til tiltak som kan motverke denne utviklinga. NIJOS har gjennom fleire etappar vore engasjert til vegetasjonskartlegging. 30 prosent av kommunearealet i Tolga og 20 prosent i Os er kartlagt til no. Rikt beite og artsmangfald Resultat frå kartlegginga viser at mykje av utmarksbeitet i desse kommunane er av det beste ein kan finne i Noreg. Dette ser ein godt att i både slaktevekter og -kvalitet på sau frå området, der dei ligg på topp i landet. Spesielt for utmarka i desse kommunane, er det sterke kulturpreget som enda er att. Vegetasjonsbiletet, særleg i den rikaste fjellbjørkeskogen, har stor grasrikdom, og eit ope, framkomeleg tresjikt. Eit stort tal høyløer vitnar om den intensive utmarksbruken som slått representerte i gamle dagar. 60 høylass per gard frå utmarka var ikkje uvanleg. Rik berggrunn gjer òg at vegetasjonen har eit høgt mangfald både i artar og vegetasjonstypar. Sjølv om utmarka framleis blir aktivt bruka som beite, er haustinga låg i høve til tidlegare tider. Dette fører til at opne område gror att, skogen blir tettare, og i undervegetasjonen i rik skog, overtek høge, veksekraftige urtar for gras og beitetolande urtar. Attgroing er no eit trugsmål mot både beitekvalitet, biologisk mangfald og opplevingsverdiar i utmarka. Stimulere til aktivt bruk I Tolga og Os har dei teke aktivt fatt i dette. Med grunnlag i kunnskap og kart over ressursgrunnlaget, skal det stimulerast til meir aktiv bruk av utmarka. - Beitedyr er einaste reiskapen ein har til hausting og skjøtsel av større areal i utmark, meiner Yngve Rekdal, seksjonsleiar for utmark på NIJOS. Ein kan ikkje skjøtte alt areal. Aktuelle tiltak kan difor vere å konsentrere beitedyra i prioriterte område, og her legge til rette for felles hamner med sperregjerder og aktivt oppsyn. For å få nok beitedyr, kan det også vere aktuelt å tilby hamn for sauehaldarar utanbygds, til dømes frå rovdyrutsette område lenger sør i fylket. Rekdal meiner at arbeidet som Tolga og Os er i gang med, er svært interessant sett i høve til usikre utsikter for landbruket framover. Kanskje kan utvikling av eit utmarksbasert landbruk vere ein veg å gå for desse bygdene, som på sikt vil gje eit fortrinn i ein marknad som etterspør særmerkte matvarer. Desse bygdene har ikkje minst eit svært godt utgangspunkt med omsyn til utvikling av reiseliv, der ein koplar opplevingar innan landbruk, kultur og natur. Foto til illustrasjon av medieomtale · Slåttelandskap i Tolga. No trugar attgroinga både beitekvalitet, biologisk mangfald og opplevingsverdiar i utmarka, som på denne gamle slåttemarka. Foto: Yngve Rekdal © NIJOS: http://www.nijos.no/ARKIV/Internett/Om%20NIJOS/Presserom/Fotoarkiv/UTMARK/SlattelandskapYNR.jpg (1,5 Mb) · Sau i sida av Gråhøgda i Os. Foto: Yngve Rekdal © NIJOS: http://www.nijos.no/ARKIV/Internett/Om%20NIJOS/Presserom/Fotoarkiv/UTMARK/Os_Sau-i-sida-av-Graah%F8gda-YNR.JPG (2,7 Mb) Meir informasjon sjå: www.nijos.no Kontakt · Yngve Rekdal, seksjonsleiar utmark, tlf: 64 94 97 82, e-post: yngve.rekdal@nijos.no · Anita Nordsveen, webredaktør, tlf: 64 94 97 56, e-post: anita.nordsveen@nijos.no Om NIJOS Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) er eit statleg, nasjonalt fagorgan som skaffar informasjon om jorda, skogen, utmarka og landskapet i Noreg. NIJOS vil frå 1. juli 2006 føre sitt arbeid vidare i Norsk institutt for skog og landskap saman med Skogforsk og Norsk genressurssenter. Norsk institutt for skog og landskap er eit nytt nasjonalt institutt for kunnskap om arealresursar. Les meir på: www.nijos.no ------------------------------------------------------------ Informasjonen er sendt gjennom Waymaker http://www.waymaker.no