Nytt kart for dyrking av mandelpotet

Report this content

Nytt kart for dyrking av mandelpotet 1.juni 2006 Dyrking av mandelpotet er eit satsingsområde for jordbruket i Oppdal. Nyleg fekk dei godkjend Fjellmandel frå Oppdal som merkebeskytta produkt. Eit viktig bidrag i den prosessen har vore Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) sitt nye temakart som syner kor det beste jordsmonnet for dyrking av mandelpotet finst. Kartet ligg tilgjengeleg på NIJOS sine nettsider. Jordsmonnet er avgjerande for den beste bruken av eit jordbruksareal, anten det gjeld kva slags vekst ein skal velje, eller om arealet skal bli brukt til andre føremål. I Oppdal i Sør-Trøndelag har produksjon av mandelpotet på jordbruksareala vore eit satsingsområde. Matmerk har nyleg godkjend Fjellmandel frå Oppdal som eit merkebeskytta produkt. NIJOS sine jordsmonnkart har vore eit viktig bidrag i prosessen mot merkegodkjenning. Jordsmonnet kan variere både mellom kvart enkelt jorde, og innan eit jorde. Når ein har kartlagt desse forholda, er det mogleg å kople denne informasjonen med kunnskap om vekstane sine krav til klima og jordsmonn. Slik vil ein kunne finne den beste utnyttinga av jordbruksjorda. NIJOS avslutta i fjor kartlegginga av jordsmonnet på dyrka mark i Oppdal. Oppdal var fyrste kommunen kor NIJOS har gjort ei kopling av informasjon om jordsmonnet opp mot dyrking av mandelpotet. Kart over jordsmonnforholda er lagt ut på NIJOS sine Internettsider, slik at alle lett kan skaffe seg informasjon om eigenskapane til den dyrka marka. Det er mogleg å velje også andre tema enn dyrking av mandelpotet. Til dømes kan ein sjå kor god jorda er til dyrking av korn, potet eller gras, kor godt ho kan lagre vatn, kva risiko ho har for erosjon, og kva slags jordarbeiding ein bør gjere for å ta vare på miljøet. Temakartet ”Egnethet for dyrking av mandelpotet” blei til som eit matnyttig resultat av eit samarbeid mellom Oppdal Forsøks- og driftsplanring, Oppdal kommune og NIJOS. Kartlegginga blei gjort med tilskot frå kommunen. Lokal kompetanse på mandelpotetdyrking, dannar grunnlaget for ei vurdering av den enkelte kartfigur på jordsmonnkartet frå Oppdal. For å søkje i mandelpotetkartet på www.nijos.no, kan ein velje kart på menyen til venstre, deretter vel ein Sør-Trøndelag fylke, og Oppdal kommune under Finn kart til høgre, og trykkjer vis. Neste val er jordsmonn, og trykk på vis. Deretter må ein zoome seg langt nok inn i kartet til å få opp dei detaljerte temakarta. Foto til illustrasjon av medieomtale Desse mandelpotetane frå Oppdal er dei fyrste som no har fått stadfesta kvar jorda dei best trivst i finst. Foto: Knut Sundset http://www.nijos.no/ARKIV/Internett/Om%20NIJOS/Presserom/Fotoarkiv/Mandelpotet_foto_Knut_Sundset.jpg På www.nijos.no kan ein fritt søkje i jordsmonnkart som syner kvar den beste jorda finst til dyrking av ulike vekstar, eller til bruk til andre føremål. Her ser ein kor eigna jorda er til dyrking av mandelpotet. Kart: NIJOS. http://www.nijos.no/ARKIV/Internett/Om%20NIJOS/Presserom/Fotoarkiv/mandelpotetkart_NIJOS.jpg Bileta er tilgjengelege til bruk i samband med omtale av saka i pressemeldinga. NIJOS ønskjer at fotografens namn blir satt i samband med biletet. Kontakt Ove Klakegg, senioringeniør, NIJOS, tlf: 64 94 97 53, e-post: ove.klakegg@nijos.no Karine Bogsti, informasjons- og marknadskonsulent NIJOS, tlf: 64 94 97 84, e-post: karine.bogsti@nijos.no Om jordsmonnkartlegging på NIJOS Berre om lag 3 prosent av Noregs areal er dyrka mark. Desse areala er verdifulle fordi dei dannar grunnlaget for ein viktig del av matproduksjonen her i landet. NIJOS kartlegger jordsmonnet for å skaffe grunnleggjande og standardiserte data om jordsmonnet som ressurs. NIJOS har til no kartlagt nesten 50 prosent av jordbruksarealet i Noreg. Basiseininga som blir kartlagt er jordtype. Jordtypen vert identifisert med utgangspunkt i eigenskapane til opphavsmaterialet, jordas tekstur (kornstørrelse) og naturlig dreneringsgrad, djupn av jord og jordsmonnutvikling. Desse forholda har mykje å seie for jordas agronomiske eigenskapar, og risiko for avrenning og erosjon. Vidare vert jorda delt inn etter terrengeigenskapar som har mykje å seie for den praktiske bruken av areala, slik som helling og stein- og blokkinnhald. Avgrensinga av jordtypar vert teikna direkte inn på flybilete i felt, og baserast på ein kombinasjon av borestikk ned til ein meters djupn og flybildetolking. Eigenskapane til dei ulike jordtypane blir dokumentert ved hjelp av skildring av profil og prøvetaking. Alle data blir lagra i digital form. Ny informasjon blir så avleia i form av ein rekke temakart for ulike føremål. Om NIJOS Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) er eit statleg, nasjonalt fagorgan som skaffar informasjon om jorda, skogen, utmarka og landskapet i Noreg. NIJOS vil frå 1. juli 2006 føre sitt arbeid vidare i Norsk institutt for skog og landskap saman med Skogforsk og Norsk genressurssenter. Norsk institutt for skog og landskap er eit nytt nasjonalt institutt for kunnskap om arealresursar. Les meir: http://www.nijos.no ------------------------------------------------------------ Informasjonen er sendt gjennom Waymaker http://www.waymaker.no