Regjeringa slår saman NIJOS og Skogforsk
Pressemelding fra NIJOS, Norsk institutt for jord- og skogkartlegging Ås, 17. oktober 2005 Regjeringa slår saman NIJOS og Skogforsk Regjeringa meiner at Norsk institutt for jord- og skogkartlegging, NIJOS, og Norsk institutt for skogforsking, Skogforsk, bør bli slått saman til ein ny kunnskapsorganisasjon for arealressursar innan områda skog, jord, landskap og utmark. Dette er eit av hovudpunktane i Landbruks- og matdepartementets budsjettforslag for 2006. Ny kunnskapsinstitusjon med eit sterkt nasjonalt kompetansemiljø Regjeringa seier i statsbudsjettet at: ”..NIJOS og Skogforsk bør slåast saman for å etablere ein ny statleg institusjon. Begge desse institutta er sterke nasjonale kompetansemiljø som arbeider tematisk med ressursane i natur- og kulturlandskapet, men frå ulik inngangsvinkel, høvesvis kart og geodata og skogforsking. Dei utfyller kvarandre såleis både når det gjeld kompetanse og arbeidsoppgåver. Institutta har stort samanfall i eksterne faglege samarbeidsrelasjonar og har fleire felles brukarar”. - Vi vil med denne løysinga vere med på å skape ein institusjon med brei - og innan fleire område særs høg kompetanse. Eg er difor viss på at vi saman med Skogforsk skal lukkast i å skape ei meir konkurransekraftig og robust verksemd. Målet vårt er å skape meirverdi for samfunnet og ei verksemd der kunnskapsarbeidarar trivst, seier Arne Bardalen, direktør ved NIJOS. Modernisering for å møte nye behov Omorganiseringane er basert på behovet for å skape konkurransedyktige FoU-produsentar for å dekkje breie og samansette kunnskaps- og informasjonsbehov både i næringslivet og forvaltinga. - Vi ser at den arealbaserte verdiskapinga tek nye former, dette endrar og behovet for informasjon og kunnskap. Eg meiner etablering av den nye kunnskapsinstitusjonen er eit godt grep for å møte slike samansette kunnskapsbehov, seier Bardalen Etableringa av institusjonen skal vere fullført innan 1. juli 2006 Den nye institusjonen skal ha særskilde fullmakter, og blir nettobudsjettert. Frå 1. januar 2006 vil det bli tilsett direktør, og det blir oppretta eit styre. Desse skal, saman med dei to institutta, leggje til rette for ein endelig samanslåing 1. juli 2006. Arbeidet går som normalt Det er eit krav frå regjeringa at parallelt med arbeidet med å forberede ei samanslåing skal dei to institutta i første halvår av 2006 halde fram med sine ordinære oppgåver. - NIJOS og Skogforsk er godt i gang med å forberede samanslåinga under leiing av direktørane ved dei to institutta. Hovudfokus for dei to institutta inntil den nye institusjonen er på plass, er å sikre vidare normal drift og ein god prosess med førebuing fram til samanslåinga 1. juli 2006, seier Bardalen. Meir informasjon · For meir info sjå: www.nijos.no Kontakt · Arne Bardalen, direktør, NIJOS, tlf: 64 94 97 00, e-post: arne.bardalen@nijos.no · Nils Karbø, assisterande direktør, NIJOS, tlf: 64 94 97 00, e-post: nils.karbo@nijos.no Anita Nordsveen, webredaktør, NIJOS: tlf: 64 94 97 00, e-post: anita.nordsveen@nijos.no ------------------------------------------------------------ Informasjonen er sendt gjennom Waymaker http://www.waymaker.no