P R E S S E M E L D I N G: Tilskot til lokale musikktiltak - 3.tildeling 2004
P R E S S E M E L D I N G: Tilskot til lokale musikktiltak - 3.tildeling 2004 Dato: 11.08.04 Norsk kulturråd har totalt fordelt 1,4 millioner kroner til lokale musikktiltak ved 3. tildeling 2004. Blant mottakarane i denne runden er Blues i vintermørket i Vardø, Music for fish i Melbu, Skåtøy vise- og poesifestival i Kragerø og Ringve Museum i Trondheim. Tilskotsordninga for lokale musikktiltak har som føremål å aktivisere og utvikle det lokale og regionale musikklivet i Noreg. Totalt har heile 147 av 223 søkjarar fått tilskot i 3. tildeling 2004. Samla søknadssum var 6 millioner kroner. Tilskot blir gitt etter ei vurdering av kva fagleg kunstnarisk kvalitet og tyding tiltaket har, og etter ei fordeling på geografi og sjanger. Det blir lagt vekt på prosjekt som involverer profesjonelle utøvarar, det lokale og regionale musikklivet og prosjekt som omfattar framføring av levande musikk. Det blir òg gitt tilskot til kurs for barn og unge. Det er fire tildelingar i året under tilskotsordninga for lokale musikktiltak. For fullstendig oversyn over tildelingane sjå eiga liste som ligg ved, eller www.kulturrad.no/musikk. Kontaktpersonar i Norsk kulturråd: Ingeborg Kværne Bjørgan, tlf: 21 01 43 22 og Ingunn Liabø Fauske, tlf: 21 01 43 27 ------------------------------------------------------------ Informasjonen er sendt gjennom Waymaker http://www.waymaker.no Nedenstående filer kan lastes ned: http://www.waymaker.net/bitonline/2004/08/11/20040811BIT21220/wkr0010.doc fullstendig oversyn over tildelingane