Vandreutstilling om det atlantiske Noreg

Report this content

Vandreutstilling om det atlantiske Noreg Kulturrådet gir 400 000 kr til ei større vandreutstilling om landskap, busetting og arkitektur i det nordatlantiske kulturområdet. Utstillinga, som inngår i hundreårsmarkeringa i 2005, vil vise kor viktig kystkulturen har vore i norsk og nordatlantisk kulturhistorie. Utstillinga er initiert av Bergen Museum og skal opnast i 2005 i NORVEGR- senteret i Rørvik i Nord-Trøndelag. Utstillinga skal innom ti stader langs norskekysten, før ho i 2006 blir flytta til Reykjavik med ei meir internasjonal vinkling. Vandringa er deretter planlagt å halde fram til 2008 i til saman 11 land i det nordatlantiske området. Utstillinga vil formidle dei lange linjene i busettingshistoria i Nord- Atlanteren, ein region med sterk avhengigheit til havet. Ho vil vise dei kulturelle røttene i kystlandskapet og samstundes peike inn i framtida ut frå tema som forvalting av landskap, ressursar og menneskets livsmiljø. Utstillinga trekkjer dessutan inn musikk, biletkunst og litteratur som tolkarar av landskapet. Prosjektet har sin bakgrunn i debatten om kystkulturens plass i den nasjonale kulturforståinga. Dette er ei kjent problemstilling i landa rundt Nordsjøen og i det nordatlantiske kulturområdet. I Noreg er den blitt særleg aktualisert av hundreårsjubileet som sjølvstendig nasjon, men temaet vekkjer aukande interesse i alle kyststatar. I 1905 var det den nasjonale identiteten, som særleg bygde på odelsbondeomgrepet, nasjonalromantikken og dei norske kulturtradisjonane, som stod i fokus. Kystkulturen og det kulturelle fellesskapet over havet var meir eller mindre fråverande tema under nasjonsbygginga fram mot unionsoppløysinga. Hundre år seinare er kulturforståingane endra, og utstillinga vil med utgangspunkt i landskapets og naturens rammevilkår kaste lys over det kulturelle fellesskapet i Nord-Atlanteren gjennom 5000 år. Kontaktperson i Norsk kulturråd: Stig J. Kalvatn, tlf. 22 47 83 39 ------------------------------------------------------------ Ytterligere informasjon kan hentes på følgende hjemmeside: http://www.waymaker.no Nedenstående filer kan lastes ned: http://www.waymaker.net/bitonline/2003/11/04/20031104BIT00300/wkr0001.doc http://www.waymaker.net/bitonline/2003/11/04/20031104BIT00300/wkr0002.pdf

Dokumenter og linker