Manger skule i Hordaland – best i vest i mjølkedrikking

Report this content



24. september vert Verdas Skulemjølkdag feira i ei rekkje land over heile verda. I Noreg vert dagen markert ved å offentleggjere regionvinnarane i den nasjonale SkuleMjølkPrisen. I vest går prisen til Manger skule i Radøy kommune. Her er 9 av 10 elevar med i Skulemjølkordninga, mot vel halvparten på landsbasis.


- Vi er svært imponerte over at Manger skule har heile 92 prosent oppslutning om skulemjølkordninga, særleg når vi veit at skulen også tilbyr elevane juice, seier Kjersti Selseth, konsulent på Skulemjølk ved Opplysningskontoret for Meieriprodukter.

Som beste mjølkeskule i region vest, mottek Manger skule to smoothiesmaskiner, eit klassesett med forkle, eit foredrag av Opplysningskontoret for Meieriprodukter om ”kosthald og helse”, samt ei praktisk økt kor elevane er med og lagar sunn og freistande ungdomsmat.

- Hyggeleg og svært overraskande
- Det var svært hyggeleg og overraskande å bli tildelt skulemjølkprisen for region vest. Det set fokus på det viktige med skulemjølka. Det er viktig at borna får eit godt måltid med drikke til midt på dagen for å vera opplagte og kunne yta gjennom ein lang skuledag, seier rektor Hanna Sundal ved Manger skule. Ho fortel at elevane på 7. trinn har ansvar for å ta inn mjølka etter levering og systematisere den i skulen sine to mjølkeskap.

Viktig med mjølk
Opplysningskontoret for Meieriprodukter meiner det er viktig at elevane drikk mjølk fordi den kvite drikken inneheld 10 viktige vitaminar og mineral som kroppen treng kvar dag. Ved å ete næringsrikt og regelmessig, vert blodsukkeret halde stabilt gjennom dagen, og arbeidslysta og konsentrasjonsevna aukar.

- Vatn er ei utmerka tørstedrikk mellom måltida, medan mjølk er den beste drikken til brødmåltida. Næringsstoffa i brød og mjølk utfyller kvarandre. Difor anbefaler også Helsedirektoratet mjølk med lite feitt som ein del av skulemåltidet, seier Selseth.

Mjølk er dessutan ei viktig kalsiumkjelde, eit næringsstoff som mange barn og unge får i seg for lite av. Nasjonale kosthaldsundersøkingar viser at ein av to tenåringar får i seg for lite kalsium. Skjelettet vårt vert utvikla fram til 25-årsalderen, og det er difor spesielt viktig for barn og unge å få i seg nok kalsium i denne perioden. Kalsiuminntaket vert sikra ved å ete tre porsjonar med meieriprodukt kvar dag. Ein porsjon kan vere eit glas mjølk, ein yoghurt eller to skiver gulost. En kartong skulemjølk utgjer nesten to meieriporsjonar.

__________________________________________________________________________

For mer informasjon og kommentarer kontakt:

- Rektor Hanna Sundal ved Manger skule, tlf. 56 34 90 00

- Kjersti Selseth, konsulent for Skulemjølk og undervisning i Opplysningskontoret for Meieriprodukter (melk.no), tlf..922 99 418, e-post: kjersti@mjølk.no



Fakta om Verdas Skulemjølkdag 24. september

Verdas Skulemjølkdag vart etablert av FNs Food and Agriculture Organization i 2000, og vert markert i ei rekkje land, mellom anna Sri Lanka, Peru, Canada, Mexico, Kroatia, Finland, Tyskland, Pakistan, Sverige, Austerrike, Kazakhstan og Danmark.
Eksempel på feiringar: I Tyskland vert det arrangert ein fotokonkurranse i barneskulen med beste mjølkebart som motiv. I Austerrike skal landbruksdepartementet arrangere ein skulemjølkkonferanse i samarbeid med m.a. familie- og helsedepartementet og kunnskapsdepartementet. I Canada og Kroatia vert det arrangert plakatkonkurransar, medan Finland lanserer eit nettspel, og Danmark ein kampanje der idrettsstjerner oppmoder barn til å drikke mjølk. I Sverige vert den beste skulemjølkaktivitet kåra.


Fakta om SkuleMjølkPrisen - vinnarar 2008

I Noreg vert Verdas Skulemjølkdag markert ved at Opplysningskontoret for Meieriprodukter (Mjølk.no) kårar den skulen i landet (med meir enn 100 elevar) som har høgst oppslutning om Skulemjølkordninga. Det vert også offentleggjort regionvinnarar i sør, aust, vest, midt-Noreg og Nord-Noreg. Dessutan vert det delt ut ein nasjonal tilleggspris mellom skular med mindre enn 100 elevar.
Prisen skal gå til skular med høg oppslutning om Skulemjølkordninga, og som i tillegg gjerne gjer ein ekstra innsats for Skulemjølkordninga.
SkuleMjølkPrisen vert utlyst på vårparten.
Landsvinner i 2008: Slidre skule i Oppland (også regionvinnar på Austlandet)
Regionsvinnar sør: Valle skule i Aust-Agder
Regionsvinnar Nord- Noreg: Vega barne- og ungdomsskule i Nordland
Regionvinnar Midt-Noreg: Venn oppvekstsenter i Sør-Trøndelag
Regionvinnar vest: Manger skule i Hordaland
Landsvinnar skuler med mindre enn 100 elevar: Gjemnes Skule i Møre og Romsdal


Fakta om Skulemjølkordningen

54 prosent av elevane i barneskulen og i kombinerte barne- og ungdomsskuler er i dag med på Skulemjølkordninga, noko som er ein prosent lågare oppslutning enn i fjor.
Omlag 60 % av elevane som er med i Skulemjølkordninga drikk lettmjølk, medan ca. 30 % drikk ekstra lett mjølk med kakaosmak. Resten drikk ekstra lett mjølk.
Abonnementsordninga med mjølk i norske skuler vart innført av Norske Meierier og Statens Ernæringsråd i 1971. Forløparen til ordninga var Oslofrukosten, som vart innført på 1920-talet, og Sigdalsmåltidet som vart satt i gang rundt om i landet etter modell av Oslofrukosten. Tanken med desse ordingane, var å sikre skuleborna påfyll av næring i løpet av skuledagen. Slik verka tiltaka også sosialt utjamnande.
Skulemjølkordninga fungerer som eit abonnement der elevane får utdelt ¼ liter mjølk på Skulen kvar dag. Så godt som alle skuler i landet deltek i ordninga (99 prosent).
En arbeidsgruppe utnemnt av Kunnskapsdepartementet, anbefalte i 2005 gratis mjølk, frukt og grønsaker for hele grunnskulen. Elevane betaler i dag for skulemjølka.


Fakta om Opplysningskontoret for Meieriprodukter (melk.no)

Eit merkenøytralt opplysningskontor med fokus på mjølk og meieriprodukt. Kontoret ønskjer å bidra til økt kunnskap om kosthald og ernæring, og være en inspirasjonskjelde til matglede i kvardagen.
For meir informasjon om Skulemjølk og ernæring, se www.melk.no