Populært med skulemjølk i Hordaland
I Hordaland er 53,6 % av elevane ved barneskular og kombinerte barne- og ungdomskular knytt til skulemjølkordninga. Dette gjev en 9.plass på skulemjølkstatistikken for dette året. De ivrigaste til å drikke skulemjølk finn vi som tidlegare år i hordalendingane sitt nabofylke, Sogn og Fjordane, med ein oppslutning på 72 %.
- Mjølk er ei viktig kjelde til kalsium, som er ein av de viktigaste byggesteinane i eit sterkt skjelett. Fram til 25-årsalderen, vert skjelettet bygd opp til maksimal styrke, noko som gjer det ekstra viktig å få i seg nok kalsium i barne- og ungdomsåra. God oppslutning om skulemjølka bidreg difor positivt for kosthaldet til barn, meiner skulefagleg konsulent, Kjersti Selseth i Opplysningskontoret for Meieriprodukter (Melk.no).
Heilt sidan skulemjølkordninga vart innført i 1971, har ¼-literskartongen vore ein viktig del av norske barn sitt skulemåltid. 39 år seinare står mjølkeordninga framleis sterkt i Noreg. 99 prosent av skulane (barneskular og kombinerte barne- og ungdomsskular) er i dag knytt til abonnementsordninga. Totalt får 51,5 % prosent av elevane i norske barne- og ungdomsskular servert mjølk til skulematen. Dette er en tilbakegang frå i fjor på 0,4 %.
-Ekstra lett mjølk aukar i dei aller fleste fylka. Lettmjølk er meir stabil, mens kakaomjølka går noko ned i de fleste fylka, fortel Kjersti i Melk.no
Hordaland langt etter Sogn og Fjordane
I Hordaland er 53,6 % av elevane med på skulemjølkordninga, dette er over landsgjennomsnittet. Likevel er det 8 fylke i Noreg som kan vise til betre skulemjølkkultur enn hordalendingane. Nord-Trøndelag og Sogn og Fjordane er - tradisjonen tru - ”best i klassen” på skulemjølk. Sogn og Fjordane har den høgaste andelen med ekstra lett mjølk, men ikkje med barn som drikk lett mjølk i skulemjølkordninga. Her er det flere fylke som drikk mer. Aust-Agder, Vestfold og Oslo ligg på botn med dårlegast oppslutning.
-Dei ivrigaste til å drikke skulemjølk, finn vi i Sogn og Fjordane. Her hadde heile 72 prosent av elevane abonnement på anten lettmjølk, ekstra lettmjølk eller kakaomjølk. Nord-Trøndelag følgde tett på med ei oppslutning på 68,2 prosent, mens 65,1 prosent i Møre og Romsdal hadde skulemjølk. Alle desse tre fylka hadde ei auka oppslutning om skulemjølkordninga samanlikna med fjoråret, fortel Kjersti i Melk.no.
Fullt så god oppslutning om ordninga var det ikkje i Aust-Agder. Her var 40,9 prosent av elevane med på skulemjølkordninga. Nest lågaste andelen mjølkedrikkarar mellom elevane finn vi i Vestfold med 42 %. Skulebarn på den andre sida av Oslofjorden sluttar litt betre opp om ordninga. Østfold hadde ein dekningsprosent på 43,5 %.
Fleire mogelege val innan skulemjølkordninga
I 2006 vart skulemjølk tilsatt smak innført som eit tilbod til dei barna som ikkje vil ha vanleg mjølk eller ikkje toler laktose. I skuleåret 2009/2010 var det tilbod om éin variant – kakaomjølk. Dette er mjølk med ein svak smak av kakao og kan ikkje samanliknast med kakaomjølk som vert seld i butikk. Ernæringsmessig er dette eit svært godt alternativ fordi den inneheld svært lite fett, vitamin D og i tillegg har den like mykje vitamin og mineral som vanleg mjølk. Kakaomjølka er berre tilsatt 0,9 % sukker og er basert på ekstra lett mjølk. Den er også laktoseredusert, slik at dei som har laktoseintoleranse, kan drikke den. Laktosereduseringa gjev mjølka ein naturleg søtare smak.
-Med ein kartong skulemjølk, får elevane i seg 6 viktige vitamin og mineral. Mjølk er ei viktig kjelde til kalsium, eit næringsstoff mange barn og unge får i seg for lite av. I tillegg er mjølk ei kjelde til mellom anna protein, jod, B-vitamin og fosfor. Næringsrik drikke, i kombinasjon med sunn nistemat i løpet av skuledagen, er avgjerande for barn og ungdom si læringsevne, påpeker Kjersti i Melk.no.
-Vi anbefaler vanleg mjølk til skulematen og vatn som tørstedrikk. Om ein ikkje drikk mjølk på skulen, er det ofte ei utfordring å få i seg nok kalsium resten av dagen. Tre porsjonar meieriprodukt dagleg sikrar kalsiuminntaket, og med ein kartong skulemjølk har barna fått i seg ca 1 ½ porsjon. Drikk dei eit glas mjølk til frukost samt har litt gulost i matpakka, er dei i mål. For dei elevane som ikkje likar mjølk, er skulemjølk tilsatt smak eit veldig godt alternativ til annan drikke. Ingen annan drikk inneheld så mange næringsstoff i ein og same drikk, avsluttar Kjersti i Melk.no
Dekning skulemjølk skuleåret 2009/2010
Barne/ungdomsskular | 2009/2010 | 2008/2009 | Endring |
Sogn og Fjordane | 72,00 | 71,9 | 0,14 % |
Nord-Trøndelag | 68,20 | 67,9 | 0,44 % |
Møre og Romsdal | 65,10 | 64,1 | 1,56 % |
Sør-Trøndelag | 60,60 | 61,2 | -0,98 % |
Vest-Agder | 56,90 | 58,9 | -3,40 % |
Rogaland | 55,50 | 55,2 | 0,54 % |
Hedmark | 54,50 | 53,4 | 2,06 % |
Oppland | 53,90 | 54,5 | -1,10 % |
Hordaland | 53,60 | 54,2 | -1,11 % |
Nordland | 51,80 | 51,8 | 0,00 % |
Troms | 49,60 | 51 | -2,75 % |
Finnmark | 48,30 | 49,5 | -2,42 % |
Buskerud | 47,50 | 48,9 | -2,86 % |
Telemark | 46,30 | 49,3 | -6,09 % |
Akershus | 45,70 | 46,3 | -1,30 % |
Østfold | 43,50 | 45,2 | -3,76 % |
Oslo | 42,30 | 45,4 | -6,83 % |
Vestfold | 42,00 | 44,7 | -6,04 % |
Aust-Agder | 40,90 | 42,2 | -3,08 % |
Landsdekning | 51,51 % | 51,70 % | -0,37 % |
* Tala viser oppslutning om skulemjølkordninga mellom elevar på barneskular og kombinerte barne- og ungdomsskular. Reine ungdomsskular er ikkje inkludert.
Les om Verdas Skulemjølkdag og Skulemjølkprisen på melk.no
Sjekk om du får i deg nok kalsium med vår kalsiumkalkulator
Klikk på linken for høgoppløyselege bilete til trykk: bilder
Klikk på linken for å sjå spanande oppskrifter frå vår web tv: melk.tv
For meir informasjon, mattips eller bilete, ver venleg ta kontakt med:
Kjersti Selseth, Skulefagleg konsulent i Opplysningskontoret for Meieriprodukter (Melk.no),
e-post: kjersti@melk.no, tlf: 23 30 20 18 / 92 299 418
Kine Camilla Tøften, Kommunikasjonssjef Opplysningskontoret for Meieriprodukter (Melk.no),
e-post: kine@melk.no tlf: 23 30 20 15 / 41 61 93 46
Opplysningskontoret for Meieriprodukter (Melk.no) er et merkenøytralt opplysningskontor med fokus på melk og meieriprodukter. Vi ønsker å bidra til økt bevissthet og kunnskap om kosthold og ernæring, samtidig som vi skal være en inspirasjonskilde til matglede i hverdagen.
For mer informasjon, se www.melk.no