Tradisjonsrik ordning står sterkt: Skulemjølk populært i Rogaland

Report this content

Skuleelevane i Rogaland er mellom de flinkaste i landet til å drikke mjølk på skulen. 55,5 prosent av elevane i fylket er med på skulemjølkordninga. Det er over landssnittet og gjev Rogaland en vel fortent 6. plass på skulemjølkstatistikken.

- Mjølk er ei viktig kjelde til kalsium, som er ein av de viktigaste byggesteinane i eit sterkt skjelett. Fram til 25-årsalderen, vert skjelettet bygd opp til maksimal styrke, noko som gjer det ekstra viktig å få i seg nok kalsium i barne- og ungdomsåra. God oppslutning om skulemjølka bidreg difor positivt for kosthaldet til barn, meiner skulefagleg konsulent, Kjersti Selseth i Opplysningskontoret for Meieriprodukter (Melk.no).

Heilt sidan skulemjølkordninga vart innført i 1971, har ¼-literskartongen vore ein viktig del av norske barn sitt skulemåltid. 39 år seinare står mjølkeordninga framleis sterkt i Noreg. 99 prosent av skulane (barneskular og kombinerte barne- og ungdomsskular) er i dag knytt til abonnementsordninga. Totalt får 51,5 % prosent av elevane i norske barne- og ungdomsskular servert mjølk til skulematen. Dette er en tilbakegang frå i fjor på 0,4 %.

-Ekstra lett mjølk aukar i dei aller fleste fylka. Lettmjølk er meir stabil, mens kakaomjølka går noko ned i de fleste fylka, fortel Kjersti i Melk.no

Auke i Rogaland

55,5 prosent av rogalandselevane var med på skulemjølkordninga i skuleåret 2009/2010. Dette er ein auke på 0,54% samanlikna med året før.

-Dei ivrigaste til å drikke skulemjølk, finn vi i Sogn og Fjordane. Her hadde heile 72 prosent av elevane abonnement på anten lettmjølk, ekstra lettmjølk eller kakaomjølk. Nord-Trøndelag følgde tett på med ei oppslutning på 68,2 prosent, mens 65,1 prosent i Møre og Romsdal hadde skulemjølk. Alle desse tre fylka hadde ei auka oppslutning om skulemjølkordninga samanlikna med fjoråret, fortel Kjersti i Melk.no.

Fullt så god oppslutning om ordninga var det ikkje i Aust-Agder. Her var 40,9 prosent av elevane med på skulemjølkordninga. Nest lågaste andelen mjølkedrikkarar mellom elevane finn vi i Vestfold med 42 %. Skulebarn på den andre sida av Oslofjorden sluttar litt betre opp om ordninga. Østfold hadde ein dekningsprosent på 43,5 %. 

Fleire mogelege val innan skulemjølkordninga

I 2006 vart skulemjølk tilsatt smak innført som eit tilbod til dei barna som ikkje vil ha vanleg mjølk eller ikkje toler laktose. I skuleåret 2009/2010 var det tilbod om éin variant – kakaomjølk. Dette er mjølk med ein svak smak av kakao og kan ikkje samanliknast med kakaomjølk som vert seld i butikk. Ernæringsmessig er dette eit svært godt alternativ fordi den inneheld svært lite fett, vitamin D og i tillegg har den like mykje vitamin og mineral som vanleg mjølk. Kakaomjølka er berre tilsatt 0,9 % sukker og er basert på ekstra lett mjølk. Den er også laktoseredusert, slik at dei som har laktoseintoleranse, kan drikke den. Laktosereduseringa gjev mjølka ein naturleg søtare smak.

-Med ein kartong skulemjølk, får elevane i seg 6 viktige vitamin og mineral. Mjølk er ei viktig kjelde til kalsium, eit næringsstoff mange barn og unge får i seg for lite av. I tillegg er mjølk ei kjelde til mellom anna protein, jod, B-vitamin og fosfor. Næringsrik drikke, i kombinasjon med sunn nistemat i løpet av skuledagen, er avgjerande for barn og ungdom si læringsevne, påpeker Kjersti i Melk.no.

-Vi anbefaler vanleg mjølk til skulematen og vatn som tørstedrikk. Om ein ikkje drikk mjølk på skulen, er det ofte ei utfordring å få i seg nok kalsium resten av dagen. Tre porsjonar meieriprodukt dagleg sikrar kalsiuminntaket, og med ein kartong skulemjølk har barna fått i seg ca 1 ½ porsjon. Drikk dei eit glas mjølk til frukost samt har litt gulost i matpakka, er dei i mål. For dei elevane som ikkje likar mjølk, er skulemjølk tilsatt smak eit veldig godt alternativ til annan drikke. Ingen annan drikk inneheld så mange næringsstoff i ein og same drikk, avsluttar Kjersti i Melk.no

Dekning skulemjølk skuleåret 2009/2010

Barne/ungdomsskular 2009/2010 2008/2009 Endring
Sogn og Fjordane 72,00 71,9 0,14 %
Nord-Trøndelag 68,20 67,9 0,44 %
Møre og Romsdal 65,10 64,1 1,56 %
Sør-Trøndelag 60,60 61,2 -0,98 %
Vest-Agder 56,90 58,9 -3,40 %
Rogaland 55,50 55,2 0,54 %
Hedmark 54,50 53,4 2,06 %
Oppland 53,90 54,5 -1,10 %
Hordaland 53,60 54,2 -1,11 %
Nordland 51,80 51,8 0,00 %
Troms 49,60 51 -2,75 %
Finnmark 48,30 49,5 -2,42 %
Buskerud 47,50 48,9 -2,86 %
Telemark 46,30 49,3 -6,09 %
Akershus 45,70 46,3 -1,30 %
Østfold 43,50 45,2 -3,76 %
Oslo 42,30 45,4 -6,83 %
Vestfold 42,00 44,7 -6,04 %
Aust-Agder 40,90 42,2 -3,08 %
Landsdekning 51,51 % 51,70 % -0,37 %

* Tala viser oppslutning om skulemjølkordninga mellom elevar på barneskular og kombinerte barne- og ungdomsskular. Reine ungdomsskular er ikkje inkludert.

Les om Verdas Skulemjølkdag og Skulemjølkprisen på melk.no

Sjekk om du får i deg nok kalsium med vår kalsiumkalkulator

Klikk på linken for høgoppløyselege bilete til trykk: bilder

Klikk på linken for å sjå spanande oppskrifter frå vår web tv: melk.tv          

For meir informasjon, mattips eller bilete, ver venleg ta kontakt med:
Kjersti Selseth, Skulefagleg konsulent i Opplysningskontoret for Meieriprodukter (Melk.no),
e-post: kjersti@melk.no, tlf: 23 30 20 18 / 92 299 418
Kine Camilla Tøften, Kommunikasjonssjef Opplysningskontoret for Meieriprodukter (Melk.no),
e-post: kine@melk.no tlf: 23 30 20 15 / 41 61 93 46

Opplysningskontoret for Meieriprodukter (Melk.no) er et merkenøytralt opplysningskontor med fokus på melk og meieriprodukter. Vi ønsker å bidra til økt bevissthet og kunnskap om kosthold og ernæring, samtidig som vi skal være en inspirasjonskilde til matglede i hverdagen. 
For mer informasjon, se www.melk.no