Aust-Agder: Drygt ein million kroner til kollektivtransport i distrikta

Report this content

Betre kollektivtilbod er viktig for bulyst og livskvalitet. Ved effektiv samordning mellom ulike forvaltingsnivå og tilpassa organisering av transporttilbod, skal den statlege tilskotsordninga ”Kollektivtransport i distrikta” stimulera til at midlar blir brukt smart og effektivt, og føra til ei vesentleg forbetring for dei reisande. 

- Midlane som løyvast til kollektivtiltak i Aust-Agder kjem i første rekkje til å gi dei reisande eit betre tilbod på eksisterande ruter, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.  

For 2012 blir alt i 1 020 000 kroner løyvd til prosjekt i Aust-Agder frå tilskotsordninga, og midlane er fordelt slik:

-          Auka frekvens, Evje – Kristiansand: Kr 750 000

-          Bestillingstransport til Kilsund/Frosta: Kr 100 000

-          Auka frekvens til Evje/Bygland: Kr 170 000

Tilskotsordninga ”Kollektivtransport i distrikta” (KID) blei oppretta av regjeringa i 2007. Regjeringa har i Soria Moria I-erklæringa slått fast at det skal utviklast eit kostnadseffektivt og brukartilpassa kollektivtilbod i distrikta.

Formålet med tilskotsordninga er å visa korleis kollektivtilbod kan styrkjast gjennom meir effektiv samordning av ressursar og verkemiddel. Målet er å gjennomføra tiltak på utvalde stader og strekningar for å oppnå ei vesentleg forbetring av tilbodet til dei reisande i distrikta. Tre hovudomsyn ligg til grunn for prioritering av tilskot:

  • ”Beste praksis” - skal liggja til grunn for gjennomføringa av tiltak med strukturert linjenett, bestillingstransport, knutepunkt m.v. for klar styrking av kollektivtilbodet.
  • Samarbeid -  prosjekt som utnyttar samarbeid mellom sektorane og forvaltingsnivåa for synergieffektar, kvalitetsforbetringar og/eller økonomiske innsparingar, skal prioriterast.
  • Mobilitet -  prosjekt som har kvalitetar for auka mobilitet, som utnyttar trafikkgrunnlaget lokalt, og som bidrar til forbetra livskvalitet og bulyst i tynt folkesette område, skal prioriterast til kommunar innanfor det distriktspolitiske verkeområdet.

Fylkeskommunane gjennomfører prosjekt med minst 50 prosent eigendel, slik at den statlege stønaden kjem som eit tillegg til, og ikkje ei erstatning for, midlar frå lokale styresmakter.

For fleire opplysningar - ta kontakt med fylkeskommunen.

For 2012 løyver Samferdselsdepartementet alt i alt 21,7 millionar kroner til kollektivtransport i distrikta, fordelt på 35 prosjekt i 11 fylkeskommunar.

Les meir om KID-ordninga på nettsidene til Samferdselsdepartementet

For meir informasjon - ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)