E6 Øyer - Tretten: Ny veg ferdig i 2013

Report this content

- Bygginga av ny E6 på strekninga Øyer – Tretten i Øyer kommune i Oppland skal gjennomførast i tråd med tidlegare vedtak, med opning for trafikk i 2013. Prosjektet vil føra til vesentleg tryggare trafikk og kortare reisetid, noko som er viktig både for lokaltrafikken i Gudbrandsdalen og transport mellom landsdelane.

Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at det i statsråd i dag er gjort framlegg om at utbygginga av E6 Øyer – Tretten skal gjennomførast på grunnlag av eit revidert kostnadsoverslag. Dei samla kostnadene for heile prosjektet skal, som tidlegare lagt til grunn, dekkjast ved ein kombinasjon av bompengar og statlege og fylkeskommunale løyvingar. I framlegget blir det vist til at kostnadene vil auka med 250 millionar kroner utover det som vart lagt til grunn då Stortinget i juni 2009 gjorde vedtak om utbygging og finansiering av prosjektet. Med den kostnadsauken som det no vert gjort greie for, vil bygginga av ny E6 på ei 13,5 kilometer lang strekning i Øyer kommune kosta 1 130 millionar kroner. I prosjektet inngår bygging av ein om lag fire kilometer lang tunnel ved Skarsmoen, noko som fører til ei innkorting på vel to kilometer i forhold til dagens veg. Ny bru for fylkesveg 254 over Lågen er også ein del av prosjektet. Brua skal byggjast med midlar frå Oppland fylkeskommune. Dei delane av den nye vegen som ligg i dagen skal byggjast som tofelts veg med midtrekkverk og forbikøyringsstrekningar, medan tunnelen får eitt løp og midtfelt. I tillegg kjem ei omfattande utbygging av samanhengjande lokalvegnett og gang- og sykkelvegnett.