Herlof Nilssen vald inn i styret i Avinor AS

Report this content

På generalforsamlinga i dag blei Herlof Nilssen vald inn som nytt aksjonærvald styremedlem i Avinor AS. Styremedlemene Eli Skrøvset og Tone L. Hofstad blei attvalde.

Herlof Nilssen (f. 1958) har vore administrerande direktør i Helse Vest RHF sidan 2002. Han har tidlegare erfaring som rådmann og frå reiselivsnæringa. Nilssen har omfattande styreerfaring, og er i dag styreleiar i Helse Vest IKT AS, styreleiar i Nasjonal IKT HF, styremedlem i Norsk Helsenett SF og nestleiar i arbeidsgivarorganisasjonen Spekter Helse. Nilssen erstattar Dag Helge Hårstad som går ut av styret etter åtte år.

Etter generalforsamlinga er styret i Avinor AS samansett slik:

Aksjonærvalde:
Ola M. Rinnan (styreleiar)
Ola H. Strand
Eli Skrøvset
Tone L. Hofstad
Mari Thjømøe
Herlof Nilssen

Vald av dei tilsette:
Per Erik Nordsveen
Heidi Sørum
Bjørn Tore Mikkelsen
Grete Ovnerud

Bakgrunn om Avinor
Avinor As er eit aksjeselskap fullt ut eigd av staten ved Samferdselsdepartementet. Samferdselsministeren er generalforsamling for selskapet. Avinor eig statlege flyplassar, planlegg infrastrukturen i luftfarten, og yter lufthamn- og flysikringstenester for reisande og flyselskap og andre brukarar av luftfartsanlegg.

For meir informasjon – ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)