Høyring: Regjeringa vil stille krav om maksimalt nivå for utslepp av CO2 i samband med offentlege kjøp av køyretøy
- Utviklinga innan køyretøyteknologien er formidabel. Dei siste åra har det kome stadig fleire bilmodellar på marknaden som har låge eller inga utslepp. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at køyretøya på norske vegar skal bli enda meir energieffektive. Styresmakter og operatørar innan kollektivtransport skal difor kunne stille energi- og miljøkrav i kontraktar om kjøp av kjøretøy, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.
Samferdselsdepartementet har i dag sendt på høyring forslag til både lovendringar og ny forskrift i samband med at regjeringa føreslår å innføre i norsk rett eit EU-direktiv om fremje av reinare og meir energieffektive køyretøy i vegtransporten. Føremålet med direktivet er å stimulere marknaden for reine og energieffektive køyretøy.
- Dette er i tråd med innhaldet i Sundvolden-erklæringa. Der går der fram at regjeringa vil utarbeide krav om at mellom anna alle nye offentlege køyretøy skal bruke låg- eller nullutsleppsteknologi når teknologien tilseier dette, seier samferdselsministeren.
Å innføre EU-direktivet i norsk rett ved å fastsetje ei ny forskrift, krev endringar i lova om offentlege innkjøp og yrkestransportlova.
Styresmakter og operatørar blir omfatta av ny forskrift
Den nye forskrifta skal gjelde for kontraktar om innkjøp av alle typar køyretøy til vegtransport som blir utført av oppdragsgivarar som er forplikta til å følgje reglane i innkjøpslova og tilhøyrande regelverk. Dette betyr at mellom anna statlege, fylkeskommunale og kommunale styresmakter blir omfatta av forskrifta.
Forskrifta skal òg gjelde for transportørar med løyve etter yrkestransportlova som har kontrakt om offentleg teneste. Operatørar som har turbussløyve, ruteløyve eller drosjeløyve kan difor falle inn under forskrifta. Det same er tilfelle for underleverandørar til desse operatørane.
Energi- og miljøkrav ved offentlege innkjøp av køyretøy
Samferdselsdepartementet føreslår i forskrifta at ved innkjøp av køyretøy som blir gjennomført av det offentlege skal det øvre nivået for utslepp av CO2 ikkje overstige 85 g CO2/km. For NOx og partiklar legg Samferdselsdepartementet opp til at ordinære utsleppskrav skal gjelde.
Krava i forskrifta er aktuelle ved innkjøp av køyretøy med ei samla verdi frå 500 000 kroner og oppover. Unnatak frå dette kan vere aktuelt i særlege tilfelle.
Forskrifta gjeld kjøpte, leigde, nye og brukte køyretøy
Forskrifta skal gjelde for kontraktar ved innkjøp av både nye og brukte køyretøy. For å leggje til rette for at forskrifta skal fungere i tråd med føremålet, føreslår Samferdselsdepartementet at leige blir likestilt med kjøp.
Vidare framdrift
Forslag til både lovendringar og ny forskrift blir no sende samla på høyring. Etter at høyringsrunden er avslutta, skal forslaga til lovendringar bli behandla av Stortinget før ny forskrift blir fastsett.
Høyringsfristen er 24. august 2015.
For fleire opplysningar – sjå:
For meir informasjon – ta kontakt via:
- Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)