Innanlands godstransport: Meir likeverdig konkurranse mellom norske og utanlandske lastebilar

Report this content

- Vi ønskjer betre kontroll med innanlands godstransport med lastebilar som høyrer heime i andre land, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Samferdselsdepartementet har no fastsett ei forskriftsendring som slår fast at transportørar frå andre EØS-land skal leggja fram skriftleg dokumentasjon for både last inn til Noreg og dei innanlandske transportoppdraga.

- Krav om slik dokumentasjon gjer det lettare å kontrollera at utanlandske lastebilar held seg innanfor reglar som gir  transportørar frå andre land høve til å driva mellombels innanlands transport, med tre turar i løpet av sju dagar, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Forskriftsendringa skal setjast i verk frå og med 1. juli i år.

Kravet  om slik dokumentasjon er alt innført i EU-landa. Forskriftsendringa vil difor leggja til rette for at kontrollen med utanlandske transportørar ikkje skal vera dårlegare i Noreg enn i EU.

- For den norske transportnæringa vil forskriftsendringa vera med på å fjerna moglege negative verknader som følgje av ulik kontrollpraksis, seier samferdselsministeren. 

”Kabotasje” – og nye krav om skriftleg dokumentasjon

Innanlands vegtransport av gods utført av transportørar  som høyrer heime i andre EØS-land - såkalla ”kabotasje” – er i dag lovleg på mellombels basis når desse krava er oppfylte:

  • Transporten innanlands kan ikkje omfatta meir enn tre oppdrag, i tilslutnad til ein internasjonal transport med same køyretøy.
  • Dei tre innanlands oppdraga må gjennomførast innanfor ein periode på sju dagar etter at godset frå utlandet er lossa.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at utanlandske transportørar som ønskjer å driva løpande og permanent transportverksemd i Noreg, må etablera seg her etter gjeldande reglar på området. Eit slikt krav om etablering i Noreg er òg i tråd med praksis som til dømes franske, svenske og danske styresmakter følgjer overfor utanlandske transportørar som vil driva vedvarande og regelmessig innanlands transportverksemd.

For fleire opplysningar og dokument (forskrift og rundskriv):

http://www.regjeringen.no/nb/dep/sd/pressesenter/pressemeldinger/pressemeldinger/innanlands-godstransport-meir-likeverdig.html?id=648601