Innlegg av Kleppa og Navarsete: "Nei til overvakingssamfunnet"

Report this content

Me viser til oppslag og debatt om EUs datalagrinsdirektiv. Vedlagt følgjer innlegg "Nei til overvakingssamfunnet" av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Me ser gjerne at innlegget kjem på trykk så snart som mogleg.  

Nei til overvakingssamfunnet

Magnhild Meltveit Kleppa og  Liv Signe Navarsete (Sp)

Forslaget til innføring av datalagringsdirektivet legg opp til den mest omfattande overvakninga av nordmenn nokon sinne.

Om ein norsk politikar for nokre år sidan hadde foreslått at staten skulle lagra detaljert informasjon om all post du sende og mottok, ville vedkommande neppe blitt tatt seriøst. Forslaget om datalagring går vesentleg lengre. Senterpartiet og SV varsla allereie i Soria-Moria II at vi ikkje ønskte datalagringsdirektivet gjennomført i norsk rett, hovudsakleg fordi vi meiner det er ei betydeleg krenking av personvernet.

Vi deler ønsket om å få oppklart alvorlege kriminalsaker, men vil direktivet gi eit godt resultat? EU-kommisjonen prøver å dokumentera at direktivet har ført til auka oppklaring av alvorleg kriminalitet, men har hittil ikkje lukkast. Erfaringane til no viser at politiet i liten grad etterspør data eldre enn 6 månader. For kriminelle vil det vera enkelt å skjula spora sine, ikkje minst sidan aktivitet gjennom Hotmail, Gmail eller Facebook ikkje vil bli lagra. Det kan fort bety at vanlege folk sine daglege aktivitetar blir lagra, medan kriminelle slepp unna. Og som ved alle andre former for datalagring, vil vi aldri kunna garantera at informasjonen ikkje hamnar i hendene på uvedkomande.                                                                                            

Detaljert informasjon om folk sin kvardag vil ha verdi for mange. Det vil vera eit massivt press frå ulike aktørar for å få tilgang. Allereie no er det føreslått å utvida ordninga ved at Finanstilsynet får tilgang. Det er utfordrande å vera lovgivar og skulla stå i mot presset frå kontrollstyresmakter som meiner tilgang til kommunikasjonsdata vil gjera oppgåva deira enklare. Vi ser også frå andre land at langt fleire enn politiet får tilgang til data.

Vi som styresmakter har eit ansvar for å sørgja for at den enkelte borgar kan kjenna seg trygg og fri når han eller ho kommuniserer. Datalagringsdirektivet bidrar etter vår meining ikkje til slik tryggleik, tvert om.