Innlegg av samferdselsministeren om kollektivtransport

Report this content

​Vi viser til oppslag og debatt om kollektivtransport i det siste og sender difor innlegget "Regjeringa satsar på kollektivtransport" av samferdselsminister Kleppa. Vi ser gjerne at innlegget kjem på trykk så snart som mogleg. 

Til redaksjonen

Regjeringa satsar på kollektivtransport

Av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

2009 var året då 300-milionarsgrensa blei broten for talet på busspassasjerar. Det er 10 millionar meir enn året før. Denne utviklinga må halda fram! Kollektivtrafikk reduserer klimautslepp og lokale utslepp, gjer kvardagen enklare for folk og sikrar betre framkome – tre svært gode ting på ei gong. Folketalet i byane veks, og det vil det ikkje vera nok areal til eit effektivt vegsystem basert på auka bilbruk. Vi kan ikkje byggja oss inn i framtida. Regjeringa satsar difor på kollektivtransport. Vi har auka overføringane til fylkeskommunane kraftig. Vi har løfta jernbaneinvesteringane. Vi har auka satsinga for å leggja til rette for bussar og trikkar. Det blir satsa langt meir på sykkeltiltak. Og vi har dobla belønningsordninga til dei største byområda – ei satsinga vi har varsla skal styrkast ytterlegare dei komande åra. I Nasjonal transportplan 2010-2019 finst det dessutan ein eigen kollektivtransportstrategi. I 2011 har vi føreslått 12,1 milliardar til kollektivtransport over Samferdselsdepartementets budsjett. I tilegg kjem milliardbeløp over Kommunal- og regionaldepartementets budsjett. Dette er midlar som fylkeskommunane kan nytta til lokal kollektivtransport. Det blir satsa på kollektivtransport – mykje bra er på gang!

 


 

For meir informasjon - ta kontakt med Samferdselsdepartementet via ressetelefonen: 919 14 777 (kvardagar kl. 08 - 16)