Jernbane: Investeringar i linjenettet, nye tog og betre rutetilbod på Austlandet
- Nye tog og innføring av ein ny grunnrutemodell med auka og betre togtilbod i Austlandsområdet gjer det mellom anna nødvendig med byggjearbeid ved ein del stasjonar. I tillegg kjem investeringar som gjeld straumforsyninga for togtrafikken. Jernbaneverket har no gjennomført kvaltitetssikring og avklaringar for desse tiltaka. I statsråd i dag blir det derfor gjort framlegg om at Samferdselsdepartementet skal få fullmakt til å starta opp prosjekta. Dette er eit viktig steg i retning av å realisera den varsla forbetringa av togtilbodet på Austlandet, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Forslaget om slik fullmakt omfattar desse investeringsprosjekta:
Banestraumforsyninga på Austlandet – kjøp av to straumomformarar:
Prosjektet har ei kostnadsramme på 219 millionar kroner. Innanfor vedteken investeringsløyving for 2011 er det sett av 30 millionar kroner til prosjektet.
Eidsvoll stasjon - bygging av parkeringsspor for tog: Prosjektet har ei kostnadsramme på 203 millionar kroner. I statsbudsjettet for 2011 er det innanfor Jernbaneverket sitt investeringsbudsjett sett av 15 millionar kroner til prosjektet. Detaljplanarbeidet er kome i gang og blir vidareført i 2011. Anleggsarbeidet på parkeringsspora skal etter planen ta til og gjennomførast i 2012.
Frogner stasjon – bygging av kryssingsspor: Prosjektet har ei kostnadsramme på 329 millionar kroner. I statsbudsjettet for 2011 er det innanfor Jernbaneverket sitt investeringsbudsjett sett av 7 millionar kroner til prosjektet. Arbeidet med regulerings- og detaljplanen for prosjektet er kome i gang. Byggjearbeida skal etter planen ta til tidleg i 2012 og vera ferdig i 2013.
Lillestrøm stasjon – bygging av parkeringsspor for tog: Prosjektet har ei kostnadsramme på 362 millionar kroner. I statsbudsjettet for 2011 er det innanfor Jernbaneverket sitt investeringsbudsjett sett av 14 millionar kroner til prosjektet. Sjølve anleggsarbeida skal etter planen gjennomførast i 2012.
Lillestrøm stasjon – forlenging av spor 13 mot Kongsvingerbanen: Prosjektet har ei kostnadsramme på 156 millionar kroner. Innanfor Jernbaneverket sitt investeringsbudsjett for 2011 er det sett av 10 millionar kroner til sporforlenginga. Arbeidet med detaljplanar er i gang. Anleggsarbeida skal etter planen gjennomførast i 2012.
Sjå òg følgjande pressemeldingar frå proposisjonen "Ein del saker på Samferdselsdepartementets område", av 13. mai 2011: For fleire opplysningar – sjå: