Lyser ut utviklingskontrakt for energi- og miljøeffektive ferjer

Report this content

​- Konkurranse om å levera den mest energi- og miljøeffektive ferja er eit viktig bidrag til å utvikla teknologi og for nå måla i klimapolitikken. I tillegg kan denne kontrakten vera eit viktig bidrag til verfts- og leverandørindustrien, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Samferdselsdepartementet gjev Statens vegvesen i oppdrag å lysa ut ein utviklingskontrakt der transportselskapa og verftsnæringa vert inviterte til å konkurrera  om den mest energi- og miljøeffektive ferja.

Utviklingskontrakten vert lyst ut for riksvegsambandet Lavik-Oppedal på E39 i Sogn og Fjordane.

Omsyn til drivstofforbruk og utslepp skal vektleggjast, difor vil til dømes både el-drift og biodrivstoff kunna vera aktuell i konkurransen om oppdraget.

- I tillegg til miljø- og klimagevinstar vil utviklingskontrakten vera eit viktig bidrag til verfts- og leverandørindustrien, seier samferdselsministeren.

Oppstart av ny anbodsperiode på dette sambandet er frå 1. januar 2015. Tida fram til oppstart er nødvendig for å avklare og utvikle konsept, og ha tilstrekkjeleg byggjetid for eit nytt fartøy.

For meir informasjon:
Politisk rådgjevar Sigrid Brattabø Handegard
Mobil:  971 56 165

Les heile meldinga:

http://www.regjeringen.no/nb/dep/sd/pressesenter/pressemeldinger/2010/Lyser-ut-utviklingskontrakt-for-energi--og-miljoeffektive-ferjer.html?id=614807